Oslo: Då Lyn tapte mot Brann i Bergen søndag, fekk Jonathan Parr spele sin sjuande eliteseriekamp for Oslo-klubben. Han spelar på juniorlaget til Lyn, men har sidan januar vore hospitant på eliteserielaget. Grunna ein del skadar i stallen og godt spel på kampar og trening har 17-åringen fått spele mykje i det siste. Og ikkje berre i den norske eliteserien. Han spelte også då Lyn spelte mellomspel og kvartfinale i Royal League, den skandinaviske eliteserien.
I neste veke drar Jonathan til Lisboa i Portugal med G18-landslaget. Dette er også eit viktig steg i fotballkarrieren hans, for det er første gong han er med på landslaget. Han gledar seg til å trene saman med landslaget, og dei skal spele miniturnering mot USA, Sverige og Portugal. På slike landslagssamlingar er det ofte talentspeidarar, og Jonathan skjønar at det er ein viktig arena for å få vist seg fram.
Rask spiss
Jonathan går andre året på Norges Toppidrettsgymnas (NTG), og må konsentrere seg om skulearbeid samstundes med full satsing på fotballen. NTG og Lyn har eit nært samarbeid, og slik er det mogleg å bruke mykje tid på trening og kampar. Han har spelt fotball sidan han var heilt liten, og begynte på Holmlia, bydelen i Oslo der han er oppvaksen og framleis bur. Seinare spelte han på KFUM Oslo og Hauger, før han no er på FC Lyn Oslo. Han er inne i sin andre sesong med Lyn. Hospiteringa på a-laget går over all forventning, og Jonathan er glad for tida.
Det har vore ein draum å få spele elitekampar for Lyn. Det har gått veldig fort framover. I fjor var eg langt frå ein stjernespelar, men med fokus og mykje trening har eg blitt betre, seier han.
Eg er rask og har stor fart. Dessutan spelar eg like bra med begge føtene, og eg kan spele på fleire posisjonar på bana, seier han. Han spelar helst spiss eller midtbane, og har som oppgåve å score mål.
Sunnmøring
Med far frå Dyrkorn og mor frå Stranda, kallar Jonathan seg sunnmøring. Gjennom oppveksten har Stordal vore svært mykje besøkt, til tanter, onklar og besteforeldre. Han har delteke på fotballcupar i Stordal, og dessutan trent ein del med Stordal sitt juniorlag og a-lag under sommarferiane. Som Lyn-spelar blir det lite sommarferie, så han er ikkje heilt sikker på kva tid neste tur til Stordal blir.
Som sunnmøring er eg stor fan av Aalesund, og eg håper dei held fram med å gjere det like bra gjennom denne sesongen. Det hadde vore veldig artig å få spele mot AaFK neste sesong.
Jonathan opplever ein fantastisk framgang som fotballspelar, men han er likevel jordnær.
Eg er framleis ung, og det gjeld å ta ein dag om gongen. Eg har sett meg nye mål heile vegen, og er glad for å ha kome dit eg er no. Neste mål er å spele meg inn på fast plass på Lyn sin første-ellevar, seier han.
Men sjølvsagt er det viktig med draumar, og vi får Jonathan til å fortelje om den verkeleg store draumen.
Det er å få spele på Manchester United. Det er favorittklubben.
Godord frå trenaren
Lyn-trenar Henning Berg har stor tru på Jonathan.
Jonathan har stor fart og eit godt venstrebein. Han tek gode initiativ og har ei god haldning. Han trenar seriøst og kan nå langt og bli ein verkeleg god spelar om han held fram på same måten, seier Berg.
Han er ikkje fast på laget, men har bevist at han er ein veldig god hospitant. At han har fått kome inn som innbyttar og spelt så mykje i dei siste kampane, syner at han er eit stort og verdfullt talent for oss. Han er framleis ung, og vi ønskjer å ha han med vidare i Lyn for å sjå korleis han utviklar seg, seier Henning Berg til Storfjordnytt etter Lyn si trening i Oslo førre helg.
Faren til Jonathan, Roger Parr, er ein viktig støttespelar for Lyn-spelaren, og også for andre debutantar på oslolaget.
Jonathan har spelt fotball nærast sidan han kunne gå. Han har heile tida hatt det klart for seg at han vil bli proff-spelar. Difor er det veldig kjekt å sjå at det går så bra for han no, seier han.
|
|
|