71o Nord vitja Tafjord

Over fjellet frå Grotli kom det tolv deltakarar i dårleg ver. Dei er med i programserien 71o Nord, som går på TV Norge, dei skal kjempe for ein plass heilt til dei endar opp på Nordkapp.

31. mai 2006
Alfred Nilsen

Programleiar Tom Stiansen i samtale med resigør før opptaka starta i Tafjord tysdag morgon.

Programmet mottok nyleg Gullruta for beste reality-serie, den gongen med Elin Tvedt som programleiar. No har tidlegare alpinverdsmeister Tom Stiansen overtatt programleiarrolla og er med dei som skal kjempe for plassen sin frå Lindesnes til Nordkapp.
– Vi bevegar oss alltid frå sør mot nord og får oss nokre flotte naturopplevingar på vegen nordover, seier Rune Biseth-M. Filmteamet held til på Fjordheim og det er stor aktivitet. Folk spring hit og dit, ber utstyr og samtalar. Dei gjer klart til opptak, no skal deltakarane kappast om eit frikort, eit slikt som gjer at ein ikkje kan bli stemt ut i neste runde.

Åleine
Nede på marka vert det rigga til kamerakran, fire kamera og lyd. Deltakarane vert informert om reglar og så køyrer dei i gang. Vi får ikkje ta bilete som kan identifisere deltakarane og ikkje får vi snakke med dei heller.
– Dei skal vere åleine om dette, seier produksjonsleiar Trude Vatn.

Til hausten
Det skal lagast elleve program som skal visast frå september av. Det er Nordisk Film i samarbeid med TV Norge som står for produksjonen. Dette er det åttande året serien går og med stigande sjåartal. Nordisk Film som eig rettane til konseptet, har også selt ideen (formatet) ut av landet, noko som ingen før dei har gjort.
Skulda for at dei hamna i Tafjord, må Jan Fasting ta. Han har ansvaret for tryggleik og rute. Han kjende til terrenget frå før og ingen, verken i filmteamet eller deltakarane, var misfornøgde med rutevalet. «Det er så vakkert,» seier Trude Vatn. Produsent Rune Biseth-M er svært godt fornøgd og takknemleg for all den hjelpa dei har fått.
– Kraftselskapet har vore heilt eineståande, med deira hjelp var det å få utstyr på plass ein leik, seier han.