| Han oppmodar folk til å ta del i den store markeringa som skal skje i helga og ikkje minst i Geiranger måndag 12. juni.
Stort ansvar
Sandnes minner om at det er eit stort ansvar som kviler på oss når ein stor del av området kring oss har vorte ein del av verdsarven.
Vi skal vere stolte over at vi bur i ein så vakker del av verda, av dei vakraste landskapa på kloden. Vi skal vere stolte og glade og takknemlege, seier han.
Ordføraren minner om at det er Norge som nasjon som har søkt om å bli nominert til verdsarvstatus og som også har ansvaret for å sikre området mot forringing og å omsetje tiltaka i praktisk handling.
Vi som bur her har avgrensa midlar, men vi må vere merksame og peike på dette overfor styresmaktene. Arven skal takast vare på og gjerast tilgjengleg for alle som vil oppleve han, seier Sandnes.
Han viser til at området er delvis isolert i store delar av året, derfor er betre kommunikasjon eitt av tiltaka han synest er viktig. Både Trollstigen og Geirangervegen bør opnast tidlegare, mai månad er til dømes ein av dei finaste å oppleve Trollstigen.
Tryggleik
Samstundes peikar Sandnes på at det er viktig å sikre tryggleiken i området. Her tenkjer han ikkje minst på å få på plass overvaking og varsling i samband med potensielle fjellskred, slik at dei som kjem, kan kjenne seg tryggare. Ein klar føresetnad er det også å få mobildekning i heile området.
Kulturlandskapet
Ein slik arv skal ikkje endrast, det er eit statisk objekt som minner om fortida, seier han og viser til kulturlandskap med skog, fjell og opne enger. Samstundes har vi kulturminne som bygningar, klopper og steingjerde som eit resultat av tidlegare driftsformer.
Dette kan fort forfalle dersom vi ikkje gjer tiltak for å ta vare på dei, seier Sandnes.
Han fortel at dei seks kommunane som har verdsarvstatus i samband med fjordlandskap i tillegg til Vega har bede sentrale og ansvarlege styresmakter om å få ein eigen status når det gjeld visse tilskot innan landbruket. det er eit ønskje å få eigna verkemiddel som stimulerer til å ta vare på kulturlandskapet gjennom smaskala landbruk basert på husdyrhald. Sandnes lovar at dei kjem til å trykkje på for å få til ei slik ordning, fordi det hastar veldig etter kvart som husdyrhaldet minkar.
Folkefest
For å gjere stas på verdsarvmarkering håper Sandnes at folk møter fram for å vere med på den storstilte markeringa som skal gå føre seg frå fredag til måndag, det tek til i Tafjord.
Eg håper folk set av denne helga for å vere med på det meste, dette er med å setje kommunen på kartet. Vi skal lage ein folkefest i ordets beste forstand, seier ordføraren.
Han minner om at største dagen nok blir måndag då Dronninga kjem til Geiranger, der ho mellom anna skal avduke Unesco-plakett på Skageflå.
Eg håper folk kan leggje frå seg greipa og ta av seg kjeledressen denne dagen. Denne sjansen får vi aldri att, det er ein historisk dag for området vårt, avsluttar Sandnes.
|
|
|