I disse førsommardagar, med fossande elvar, fuglesong og til tider temperaturar til å trivast i, er det mange skuleklassar som gjerne nyttar ein skuledag til tur i skog og mark. Eller dei har klassetur med foreldre og lærarar lagt til ettermiddag og kveld der ein kosar seg med grilling og anna.
I Stordal var første og andre klasse på dagstur til Mebu-setra torsdag. Ein del var slitne etterpå, men ikkje verre enn at eit par stykke også var med søsken på Mo-setra same kveld. Då var det fjerde klasse som var på klassetur, med grilling og moro. |
|
|