|
Dette er Storfjordens Venner sitt stemne nummer tredve, men det er fyrste gongen vi er på Skjortneset, fortalde Lunde. Ho peika på at dette var ein spesiell dag, med verdsarvmarkering lenger inne i fjorden. Skjortneset er ikkje med i verdsarvområdet, men ligg og møter dei som kjem inn fjorden før dei kjem inn til sjølve området. Ho oppfordra eigarane til framleis å ta vare på bøane og bygningane på garden, som dei har gjort alle år heilt frå garden vart fråflytta i 1969. Jostein Skjortnes er den yngste av dei som har vakse opp på garden. Han var 16 år gammal då dei flytte. Han kunne fortelje at sidan dei flytta, hadde dei vore mykje på garden, frå mai til seint hausten kvart år.
Kapellan Ottar Nevstad heldt ord for dagen, også han nedstammar frå Skjortneset. Koret Tonika frå Stordal song for og saman med stemnelyden, ei stemningsfull oppleving på tunet og mellom husa på den fråflytta garden som denne dagen verka så levande.
Mangfaldet
May Helen Molvær Grimstad, leiar i stortinget sin familie- og kulturkomite, heldt tale for dagen. Ho hadde fokus på det å ta vare på og vidareutvikle mangfaldet i kulturen vår, og samtidig det at vi må vere opne for at det vi kallar for kultur er noko som også er i utvikling og heilt naturleg vert påverka av andre kulturar og innspel utanfrå vår eigen kultur. Ho hadde sett opp ei rekkje utfordringar i forhold til dette, og trekte fram moment som ho meinte er viktige for å kunne få dette til.
Vi må sørge for å ha sterke institusjonar som har eit mangfald i tilbodet sitt. Verdibevisstheit også i forhold til kultur er noko vi må tilstrebe, peika ho også på. Vi må satse på born og unge. Dei frivillige organisasjonane, og den rolle dei har hatt og framleis har i Norge, er den viktigaste tradisjonsberaren vår ifølgje Molvær Grimstad.
Kva hadde det vore utan til dømes korps og kor og Storfjordens venner? Det er også viktig at kunst og kultur har ei brei forankring. Ein må skape møteplassar der kulturlivet får blomstre. Det burde ikkje handle om å legge år til livet, men om å legge liv til åra, siterte ho, og kulturen er som livet det må opplevast.
Ho takka familien som har teke vare på Skjortneset. Det er viktig at denne delen av kulturarven vår kan opplevast av alle. Om ein ikkje kan bu der kan ein i alle fall få del i den kunnskapen og kompetansen som ligg der.
Til slutt las ho eit dikt av Hans Hyldbakk; ”Dei gamle stuene”.
Livet
Erling Skjortnes fortalde frå livet på Skjortneset. Vi bar på ljåen frå jonsok til folk tok opp potetene, fortalde han.
Dei gjekk på skule i Stordal ei veke, og var ei veke heime. Dei budde delvis hos slekt i Stordal medan dei gjekk på skule, og Erling Skjortnes budde også mellom anna eit år på aldersheimen i Stordal.
Så for min del er eg ferdig med den aldersheimgreia, meinte han. Ikkje for den del, han hadde hatt det godt det året han budde der. I 1957 skjedde det tragiske at bestefaren fall utfor hammaren utanfor løa og slo seg i hjel, som den siste som har omkome i arbeid på fjellgardane i Storfjorden. Erling Skjortnes håpa at det framleis vil vere slik, at han vil vere den siste. Han fortalde elles om alt arbeidet ein hadde på ein slik gard, der ein måtte lære seg å vere sjølvhjelpt med alt mogleg. Telefon fekk dei på garden allereie i 1919, noko dei kosta sjølv. Seinare fekk dei telefon også på dei andre gardane rundt Skjortneset, og dei hadde alle den samme linja. Difor kunne dei snakke gratis med kvarandre, og far til Erling hadde ein tradisjon med at han kvar kveld slo av ein prat med naboen. ”Ja, du er der” pla han alltid å opne samtalen med. Ja, kvar ellers skulle han gjere av seg, kommenterte Erling Skjortnes smilande.
Garden Skjortnes er på om lag 3000 mål. Men mange av desse er loddrette. Det er om lag 35 mål med dyrka mark, og vi slo også om lag 30 mål i utmarka, fortalde han.
Det kunne vere verhardt på Skjortneset, og husa er bardunerte. Det kunne vere så verhardt at sengane i andre etasje vart ståande 20 centimeter frå veggen.
Han bygde fleire båtar på garden. I 1968-69 bygde han ein åtte meter lang båt i løa. Anne Lise Lunde undra seg over korleis han fekk denne ned til fjorden. Det gjekk veldig greit, eg bryggja øl, og då stilte alle naboane opp. Så slo vi eit slitebord under kjølen og fira han ned langs taubana, fortalde han. Imponerande når ein ser kor bratt og langt det er ned til sjøen.
Ordførar Charles Tøsse gratulerte Storfjordens Venner med stemnet, og var glad for at så mange møtte opp med tanke på alt anna som føregjekk lenger inne i fjorden.
Nesten 1000 menneske samla på Skjortneset, det er om lag like mange som det er innbyggjarar i Stordal kommune, kunne han fortelje. Også han takka eigarane på Skjortneset for at dei har teke så godt vare på garden som dei har, og takka samtidig for at ein får lov til å besøke garden. Han kunne fortelje at han var på møte i Norsk Kulturarv nyleg, og blant medlemmene der var Storfjordens venner og deira arbeid godt kjent. Han fortalde at han var særdeles glad for det arbeidet som Storfjordens Venner gjer i heile Storfjord-området, og då spesielt i Stordal kommune, og overrekte ei gåve på 5000 kroner frå Stordal kommune.
|
|
|