Sjå alle bileta frå verdsarvmarkeringa

Turid Aspehjell sin prolog (pdf-format)


14. juni 2006
Randi Flø og Alfred Nilsen

Borgundknarren legg ut frå Tafjord på den blanke verdsarvfjorden, med eit brudefølgje ombord. Foto: Frank Iversen.

Verdsarvmarkeringa starta i Tafjord

Ein strålande dag i ei strålande bygd var eit godt utgangspunkt for verdsarvmarkering. Sola stod litt høgre enn fjella på himmelen og ordføraren var på veg.

Tonje Tafjord med bandet sitt, Tet-trio varma opp medan ting tok til. Frank Iversen ønskte velkomen og ga ordet til ordførar Arne Sandnes. Han var i eit begeistra humør, prisa bygda og samanlikna verdsarvmarkeringa med eit lite OL. Dette kan det kome mykje godt ut av, var Arne Sandnes sin bodskap.

Underhaldning
Valldal spelemannslag med musikarar frå det meste av indre Storfjord spelte musikk som passa publikum svært godt og avslutta med Martinus Hoel sin slått Haustblomen. Med hjelp frå delar av spelemannslaget framførte Guro Tafjord ”Heimbygda mi”. Så var Turid Aspehjell klar med sin prolog. Tet-trio la musikk som var spesielt komponert for føremålet til Turid sine ord. Dei kom fast og bestemt og på rim. Her kunne ein få vite mykje om Tafjord. Og litt sladder om Kaillen. For ikkje visste lokalavisa at han hadde eit så godt augo til ei av dei sju søstrer i Geiranger. Musikken og orda fungerte fint og inn i det heile kom det ein kjempesalutt, ja, verkeleg eit smell. Ein flott effekt.
Og når underhaldninga på Storgrandane var ferdig, gjekk turen vidare opp via Geilen til Fundergata.

Gater og smug
Og til ei vandring er gatene i Tafjord som skapt. Her kunne ein få kjøpt rjomegraut og vaflar, smake på rjomekolle og andre lokal mat. Dei breste kjøt litt lenger oppe i gata og røykte det med einer. Folk åt og hadde det kjempekjekt. I gamleskulen var det ustilling av gamle bilete frå Tafjord sett saman av Per Inge Muldal frå sitt rikhaldige arkiv. Det var også informasjon om Tafjord før og etter ulykka. Gamle postkort var og utstilte her. Det er kjekt å gå sånn og glo og helse og prate med folk ein nesten kjenner. Nede i Olagarden var det konsert med Tet-trio. Intimt og personleg i ei stove i Tafjord. Så begynte det å dra seg til med eit eller anna oppe ved gamleskulen. Og der kom «gamledoktoren” springande med veske si. Ein rask titt på pasienten og så gjekk det for fulle kjerrehjul ned på hamna til båten som skulle frakte den uheldige ut av bygda til helbred og frelse. Så gjekk alle kvar til sitt utover kvelden med den vissheit at Tafjord eignar seg godt til små vandringar med utstillingar, historie, mat og anna.
Laurdag morgon drog brudeparet ut fjorden med Borgundknarren. Den dempa motoren og lå på den blikkstille fjorden medan ein trompet spelte langt der ute. Stemningsfullt og gripande, seier Tove Olsvik som på vegner av dei i Tafjord var godt fornøgd med arrangementet.


Beiteslepp og seterkos

Laurdagen var det klart for verdsarvmarkering i Norddal. Her var det mykje folk kunne vere med på, både ved sjøen og på Herdalssetra, som er ein del av verdsarvområdet.


Det heile starta ved at Petter Melchior tok med seg ein gjeng, både vaksne og ungar, for å sleppe eit 40-tals geitekje på beite.
Nede ved sjøen samla folk seg etter kvart på kaia og venta på at Borgundknarren skulle kome frå Tafjord med brudefølgje. Det var eit flott syn når den gamle skuta runda neset.
Brudepar var Guri Falck Kristensen og Jørn Refsnæs frå Ålesund skal skal gifte seg på rett neste år. Brudgommen er gullsmed og hadde sjølv laga den flotte kruna. Frå kaia til kyrkja gjekk det eit brudefølgje med Ingunn Linge Valdal i spissen som spelte brudemarsj på fele.
Inne i kyrkja stod Gudmund Relling for eit foredrag om Norddal kyrkje og om ulikt frå historia til bygda.

Seterkos
Mange tok turen til Herdalssetra denne dagen. Her var det mat å få kjøpt, og mange ungar som kosa seg i det flotte veret. Spesielt dei små rennande grøvene tiltrekte seg stor merksemd frå dei yngste.
Det var miniseminar om verdsarv og kulturlandskap på Geitekyrkja, der geitene som var på setra før i tida brukte å slå seg ned og kvile.
Geitebonde Ingolf Folven frå Oppstryn fortalde om geitehaldet i Norge og om geita som den beste pleiar av kulturlandskapet. Dette vart sett i samanhneg med den utfordringa det er å halde ved like kulturlandskapet, ikkje minst i og rundt verdsarvområdet.
– Dersom vi skal pleie kulturlandskapet, er det ikkje noko som er meir kostnadseffektivt enn beite, sa Folven.

Ta med ungane
Generalsekretær i Den Norske Turistforening, Kristin Krohn Devold, med bestefar frå Dalsbygda og bestemor frå Stranda, fortalde om oppveksten sin og korleis ho har lært seg å verte glad i fjella. Ho understreka at det er viktig å ta med ungane ut i naturen.
Miljøvern var ho også oppteken av, at det er viktig å finne nye vinklingar for å gjere miljøvern populært igjen. Ho var interessert i eit breiare og vidare samarbeid mellom reiseliv og landbruk og oppmoda folk om å kome med idear til turistforeininga. Til slutt bar ho fram ideen om å gjere 10. juni til ei årleg hending og la geita vere dyret som representerer verdsarvområdet.
Inne i eitt av sela stod Åshild Dale med ei rekkje smaksprøver laga av mjølk og kjøt frå geita.
På Petrines var det verdsarvniste med produkt frå The Happy Ending.


Vandring og aktivitet

I Eidsdal starta verdsarvmarkeringa søndag morgon med opning i Eidsdal sentrum. Dagen vart avslutta med aktivitetar ved bedehuset på Eide.

Etter at Torgeir Nerhus hadde ønskt velkomne med ord og nokre jenter med tonar, fortalde Odd Reidar Eide litt om sin oppvekst i Eidsdal og om utviklinga som har vore. Han nemnde mellom anna alle arbeidsplassane som var i bygda på 50-talet.
Framme ved brua fortalde Tryggve Løvoll om storflaumen i 1931 då brua datt ned i det ekstreme mildveret og regnveret i januar. Det var målt 21 varmegrader og det var ein meter snø i jella. Mellom 40 og 50 personar vart evakuerte til Dalsbygda, men ingen vart skadde.
Han fortalde også om då taubana frå Kilsti rauk med tre store bjørkestrongar og korleis dei kom i full fart og hamna her og der. Den eine fauk over huset og ned på ei hes der alle strengene slitna og høyet fauk utover. Så kom historia om då løypestrengen frå Storås rauk og og mjølkespannene vart deformerte og det flaut med mjølk over alt.
Så gjekk turen vidare opp til Hjellane. Her fortalde Løvoll historia om dei to rivalane Johannes frå Storhjellane og Hallvor frå Fremstehjellane. Dei var begge interesserte i Gunnhild. På ein julefest utvikla det seg til slåsskamp, der Johannes vart skada og sidan døydde. Det vart rettssak og Hallvor vart dømd til døden. Han vart til slutt halshogd ved Dale kyrkje.

Severinbrauta
På Severinbrauta var det stor aktivitet og mykje folk. Her fekk vi oppleve både toving og plantefarging og anna husflid.
Så var det å ta fatt på turen opp til Kleiva. Frå Kleiva var det busstransport til Eide, der mykje folk hadde kome til.
Rømmegrauten var det stor rift om, det same var det om lefser og søst i kjellaren. Her var det noko å ta seg til for alle. Gjetarhundoppvisinga samla mange. Det gjorde også alle dei ulike landbruksmaskinane som var utstilte, både frå eldre og nyare tid. Og ungane samla seg naturleg nok rundt alle dei ulike dyra. Mest populært var det å få seg ein ridetur med hest. Her stod det ei lang rekkje ungar i kø.
Leikar som jurklutkasting og mjølkespannkasting samla også mange, i alle aldrar.
Og ikkje minst, det vart tid til å få seg ein god prat i det fine veret.

Fantastisk folkefest

Ein folkefest frå morgon til kveld vart det då den offisielle opninga av verdsarvområdet Geirangerfjord med omland vart markert sist måndag. Dronning Sonja sette farge på dagen for mange og viste at ho set pris på dette landskapet.

Eit flaggpryda og strålande Geiranger helste folk velkomne til bygda. Første post på programmet var då miljøvernminister Helen Bjørnøy opna informasjonssenteret for verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap på fjordsenteret.
Folk som ikkje hadde reserverte plassar, møtte tidleg opp på kaia i Geiranger for å sikre seg tur til Skageflå. Her hadde folk god tid på å kome seg opp til denne fjellgarden. Der var alt klappa og klart til seremonien.
Om litt runda kongeskipet neset, Dronning Sonja vart sett i land, og ikkje lenge etter var ho med følgje oppe på hylla. Her vart ho møtt av folk frå Geiranger i klede frå gamle dagar, som slo og raka gras langs råsa.
Saman med Helen Bjørnøy og andre vart dronninga servert mat frå nærområdet.
Ordførar i Stranda, Frank Sve, ønskte velkomne til denne stunda. Han gav ordet til miljøvernminister Helen Bjørnøy, og det var tale av Unesco-representant David Sheppherd som til stor applaus kalla området for det beste av dei beste av dei beste i verdssamanheng.
Dronning Sonja skulle avduke ein Unesco-plakett som er støypt ned i ein stein på tunet. I talen sin mintest ho sin første tur i området, over Holegga, under Storseterfossen og ned til Geiranger, og sidan dei mange andre turane i området, ikkje minst sølvbryllaupsferda i 1993, og selskapet på Skageflå. Avdukinga skjedde ved at ho drog bort eit lag av mose som var lagt over plaketten.
Det musikalske innslaget på Skageflå var det fem messingblåsarar som stod for. Ole Jørn Myklebust frå Eidsdal hadde skrive eit stykke for høvet som dei framførte.

Mykje folk
Utpå ettermiddagen var det klart for folkefest i Geiranger. Dronninga vart møtt på kaia av mykje folk, hornmusikk og blomsteroverrekking før ho og andre gjekk inn i veteranbilar og turen gjekk til Vinjevollen ovanfor Union hotell.
Her var det samla endå meir folk og programmet gjekk slag i slag.
Aud Folkestad var seremonimeister og ga først mikrofonen til Annbjørg Lien og Bjørn Ole Rasch som framførte musikk på fele og piano.
Så var det tid for å vise fram alt det folk i området har øvd inn siste tida. Tonar frå naturen var eit vekselspel mellom lurblåsarar og trompetisten Ole Jørn Myklebust. Merete Løvoll Rønneberg las diktet ”Velkomen til verdsarvlandet”. Jårångskoret song «Geirangersongen» under dirigent Gunnar Inge Eide.
Eit livleg innslag kom born og vaksne frå Norddal med då dei skildra huldrefolket på stølen til musikk av Ferdafolk. Her var det lokk ved Live Karin Liaskar og utdrag frå diktet «Herlege Herdal» av Alv Dale framført an Ann Kristin Lunden.
Eit barnekor sett saman av unge frå fleire av bygdene, «Maximum», vart godt motteke.
Nils Jarle Hjelme og Svein Ove Rem framførte ein rimdialog som fortalde om fortid og framtid for dei som forvaltar kulturlandskapet. ”it storkor frå Stranda og Norddal framførte «Å Vestland, Vestland.

Mat
Det vart ein halvtimes pause i kulturprogrammet slik at folk kunne forsyne seg av verdsarvbordet i det fri, som fylkesordførar Jon Aasen opna.
Etterpå fekk dei to ordførarane , Frank Sve i Stranda og Arne Sandnes i Norddal, overrekt kvar sine Unesco-sertifikat.
Miljøvernminister Helen Bjørnøy heldt ein tale der ho mellom anna minte om kor viktig det er å ta vare på dette landskapet i tida som kjem.
Så var det tid for avduking av verdsarvkunstverket, eit samrbeidsprosjekt mellom skulane i verdsarvområdet, som er laga i samarbeid med kunstnaren Terje Fagermo.
Heilt til slutt var det urframføring av verdsarvkomposisjonen «Arvesølvet» av Jan Magne Førde, som det verkeleg svinga av.
Dagen vart avslutta med middag for Dronning Sonja og inviterte gjester.