Storlaks i Stordalselva

Mandag føremiddag hogg storlaksen til på Hovesona i Stordalselva.

21. juni 2006
John Kristian Hjelle

Per Rune Strandabø med storlaksen han tok sist måndag, og så den vesle. (Foto: Jarle Hove.)

Den lykkelege fiskaren heiter Per Rune Strandabø og er frå Langevåg, og storlaksen viste seg å vege 15,5 kilo og målte 113 centimeter i lengde og 25 centimeter frå rygg til buk.
– Dette er tredje sesongen min i Stordalselva, men før no i dag har eg kun fått nokre småpjakkar, så dette var heilt utruleg, fortel han. – Det verka først som om eg hadde sett fast makkevegna mi i botnen, men det viste seg snart at det var liv i andre enden.
Dei andre han fiska saman med på denne sona hadde kaffipause akkurat då fisken beit på, så han landa den åleine i løpet av ein halv time. Han fekk i tillegg ein laks til denne formiddagen, på 3,6 kilo.
Jarle Hove fortel at det har vore eit rimeleg bra fiske dei første dagane av årets sesong, men at det ser ut til å gå litt i bølgjer. Laksane som hittil har vorte fiska, ligg på mellom to og åtte kilo, så mandagens storlaks utmerka seg i følge Jarle Hove med å vere i ”seeda gruppe”.
– Elva er framleis litt kald, og fisken er ikkje voldsomt bitevillig, men det gjeng tydelegvis også stor fisk i elva. Det er fleire år sidan det er teke så stor fisk