Musikk heile helga

Det var ikkje berre tradisjonell korpsmusikk å høyre i Valldal i helga.

21. juni 2006
Randi Flø

Flott musikk i flott natur. Det passa ekstra godt med sauebjølle som rytmeinstrument på Klovset.

Den kanskje mest oppsiktsvekkjande konserten gjekk føre seg på Klovset, på setra fleire hundre meter over havet med utsikt i alle himmelretningar.
Friluftskonserten vart halden på laurdag ettermiddag av to tilreisande korps. Det var Vuku skulemusikkorps og Haugshorn/Vågen skulekorps frå Gursken. Både musikarar og publikum kunne vere med jeepar heilt opp til parkeringsplassen på Klovset. Det vart ei heilt spesiell oppleving, med ekko av musikken i selveggene og sauer som tok til motmæle.

Mange
Korpsfestivalen starta laurdag føremiddag med opning på hamna. Då hadde dei fleste av dei rundt 750 deltakrane funne fram til kvar dei skulle bu, og korpsa var klare til å defilere inn på plassen.
Dei fleste kom marsjerande til eigen musikk, gjerne med ei drilltropp framføre. Då ferja la til kai, kom to av korpsa på land derifrå.
Med Anders Jørgen Gjerde som dirigent framførte alle musikarane to fellesnummer medan Åram skulekorps gjekk om bord i ferja og tok turen til Geiranger.

Aktivitetar
Så var det klart for ulike aktivitetar. Nokre drog til Tafjord for å vere med på drillseminar. Andre heldt konsertar rundt om i bygda, både ved Muritunet, på utescena i sentrum og ved trygde- og sjukeheimen.
Laurdagskvelden var det underhaldning ved Valldal skule, der Valldal skulekorps spelte. Det gjorde også Egge skulekorps. Maria Holand Tøsse var eit populært innslag. Så var det disko for stemnedeltakarane utover kvelden.
Søndagen opna med konsert i Sylte kyrkje der fire korps deltok. Det var utekonsert på scena isentrum før det heile vart avslutta med fellesnummeret som dei også starta med «Gammel jegermarsj».

Fungerte bra
Dirigent for Egge skulekorps i Steinkjer, Arne Rones, seier til Storfjordnytt at synest det var eit interessant arrangement med greie forhold. Det var korte avstandar å forholde seg til og alt fungerte bra. Egge skulekorps hadde drilltropp med ein liten maskot.
Laurdag kveld underheldt dei på scena ved Valldal skule, der drilltroppa hadde øvd inn ein spesiell dans til lardagspizza. Einaste minuset meiner Rones var at ein del korps var med på tidkrevjande aktivitetar. Sjølve tok dei til dømes ferjecruiset, dermed vart dei lenge borte og fekk mindre tid til kontakt med dei andre korpsa.