Charles på landslaget

Torsdag 13. juli vert ein spesiell dag for Stordals-ordførar Charles Tøsse. Då får han nemleg representere ”Norge Old Stars” mot ”Liverpool Legends” i ein oppvisingskamp i fotball på Color Line Stadion. Kampen er ein del av Båtfestivalen i Ålesund.

28. juni 2006
John Kristian Hjelle

Charles Tøsse spelar mot Liverpool 13. juli.

Med seg på ”Norge Old Stars” har Charles Frode Grodås, Ola By Riise, Jostein Flo, Jan Åge Fjørtoft, Åge Hareide, Mini Jakobsen, Erlend Johnsen, Gøran Sørloth, Lars Bohinen, Kjetil Rekdal, Svein Matta Mathiesen, Rune Sunde, Erling Ytterland, Jarle Ødegård, Ulrich Møller, Geir Sperre, Eivind Syversen, Stan Williams, Erik Brautaset, Kallen Johannessen, Knut Ertesvåg, Fred Frantzen, Ole Erik Stavrum og Vidar Davidsen. Charles kan fortelje at han kjenner ein del av desse frå før, dei fleste av dei lokale i tillegg til mellom andre Åge Hareide og Kjetil Rekdal.
”Liverpool Legends” har tidlegare manager Roy Evans ved roret, og han har med seg eit slagkraftig lag, med namn som mange nok hugsar godt, mellom andre keeper Bruce Grobbelaar, Phil Neal, Jan Mølby, David Fairclough, John Barnes, Ian Rush og Alan Kennedy.
Charles fortel at han gler seg til dette.
– Eg er nok ikkje meir enn i sånn passe form, men når ein får eit slikt tilbod kan ein ikkje seie nei. Dette er ein ”høgdare” i kvardagen, eg var i yngre år ein ihuga Liverpool-tilhengar. Eg har eit meir avslappa forhold til det no, det er andre ting ein prioriterer etterkvart som ein vert eldre, men det er klart at dette er spennande!
Charles får vere med på opplegget rundt kampen heile dagen, det vert lunsj tidleg på dag, og dei skal vere med på supportertreff på rådhusplassen før sjølve kampen. Og etter kampen vert det sjølvsagt bankett på CLS.
Gerry Marsden med Gerry and the Pacemakers skal framføre ”You`ll never walk alone” på stadion før kampen. Dei har også konsert i Ålesund om kvelden.