Midtsommardagar

Det var sjette gongen dei baud inn til midtsommarfeiring i Norddal og mange hadde funne vegen dit trass i at ikkje veret var heilt slik ein skulle ønskje.

28. juni 2006
Alfred Nilsen og Marion Homlong

Utstillarane Rudolf Steger og Anne Mette Aune i god prat.

Det ein først kunne sjå når ein kom til Norddal denne helga, var at det var mange fleire båtar i småbåthamna enn vanleg. Fredag under kyrkjekonserten var det mange fleire enn i fjor. Etter konserten var det dette året bryggedans nede ved nausta og bål. Kabaretgruppa frå Eidsdal underheldt først før Knut Ivar Bøe sette i gang dansen på dette som var eit familiearrangement der ein kunne spise seg god og mett på bacalao.

Marknaden
Marknaden nede ved nausta starta tidleg på dag og her var mykje å sjå, kjøpe og gjere. Pernille Indreeide Dale heldt opningstalen og fortalde kort og greit kven dei er og korleis dei tenkjer der inne i Norddal. Eidsdal Musikkorps spelte fleire nummer og fortalde alle at her skjer det noko. Barneteateret som skulle i elden seinare på kvelden kom med gode smakebitar til borna. Og så var det berre å sjå seg omkring blant alt det fine som var utstilt og lagt fram for sal i alle nausta eller smake på maten.
Då gormetturen gjekk flytta folk seg fram mot prestegarden der dei starta med sine ting klokka fem. Der åt folk godt med grillmat og opplevde barneteater. Inne i paktarstova var det ei utstilling av Marit Moltu ein kunne sjå og seinare las og fortalde Ivar Grønningsæter tekstar av Henrik Ibsen. Om korleis han hadde fått det inn med morsmjølka når Lovise Marie deklamerte Terje Vigen i fjøset heime hos dei. Og så lei det mot kveld og folk skifta vel over til låvedansmodus og dansa og kosa seg på prestegarden denne midtsommardagen.

Gourmetvandring

Søte fristelsar for store og små.

Lokale smaksprøver lokka over 70 besøkande til årets gourmetvandring. Turen starta frå Norddal sentrum laurdag og første stopp på timeplanen var Melchiorgarden, der vandrarane vart tekne imot av Thea Marie Ytterdal på fiolin.
Petter Melchior la for dagen visjonar og føremål med å utvikle lokale produkt. Deretter vart det opna for smaksprøver frå nærmiljøet, og garden kunne blant anna by på sveler av Nina Pernille Grønningseter, i tillegg til bringebærsaft frå Olegarden og geitekjøt frå Melchiorgarden. Dei ivrigaste stilte seg i kø både ein og to gongar før neste haldeplass, Dale. Turistane fikk her servert loff, honning og røykelaks frå garden, spekemat frå Gjæra og flatbrød frå Stordal. I tillegg vart det bydd på forfriskande eplejuice og honninglimonade frå Dale.
Toget gjekk vidare til Åshild Dale sitt gardsbruk, og på vegen dukka det opp nokre grønkledde skapningar. Dei svinga seg i dansen med prinsessa frå Melchiorgarden, til fortryllande tonar frå Thea Marie. Etter ein kort presentasjon vart det igjen høve til å hive innpå med smaksprøver, for dei som framleis skulle vere svoltne. Her var bordet dekka med lefse og søst, kvitost frå Ørsta,ein såkalla fast snøfrisk, og sjølvsagt geitost og karamellar.
Den over to timar lange turen enda på Prestegarden, der det vart meir mat. Her vart det mogleg å velje tradisjonell grillmat så vel som spennande nyheiter som lakseburger og geiteburger, husets spesialitar. Altså noko for alle magar på Prestegarden. Men det skal vere sagt at det handlar ikkje berre om maten, det handlar om opplevinga. Og for å gjere opplevinga fullkomen, vart det sett opp barneteater i låven for dei yngste, medan dei vaksne kunne nyte opplesning frå Ibsens verk.

Queen Bees i kyrkja

Anita Skorgan, Rita Eriksen og Hilde Heltberg song fint i lag.

Når det er midtsommarfeiring ynskjer ein seg sol og fint vêr, men når ein skal setje i gang midtsommardagar i Norddal, greier ein seg utan.


Mange menneske hadde funne vegen til konsert med Queen Bees i Norddal kyrkje sist fredag. Arrangørane smilte og var godt nøgde med oppmøtet og senka skuldrene litt. Det har litt å seie at ein kjem godt i gang når ein hentar inn slike artistar som var her denne dagen. Laila Olsen ønskte velkomen på vegner av Midtsommardagar og så var konserten i gang.

Konserten
Anita Skorgan, Rita Eriksen og Hilde Heltberg er kjende namn for dei fleste og det er først og fremst for sine stemmer dei er det. Med seg hadde dei Frank Eriksen, bror av Rita, på gitar. Dei fylte kyrkja med stemmene sine og song kjende og mindre kjende songar som dei har eit nært forhold til. Det var ei fryd å høyre samklangen i stemmene og gitaren gjorde musikkbiletet komplett. Anita Skorgan spelte også piano til nokre av songane. Og kyrkja i Norddal beviste nok ein gong at det er ein plass å arrangere konsertar. Det blir ei intim og god atmosfære og med slike store artistar blir opplevinga nær og stor. Publikum sleppte seg meir laus også etterkvart og vips så var ein time gått. Skal ein seie noko om noko som mangla, var det kanskje det norske språket. Alle songane på repertoaret var på engelsk og det er det ikkje alle som skjønar.