Mange dugnadstimar for ny hytte

Komande laurdag er det fest for den nye hytta på Reindalssetra. I førekant er det ein gjeng som har lagt ned fleirfoldige timar med dugnadsarbeid.

05. juli 2006
Randi Flø

Gamlehytta må skrapast og beisast for å stå i stil med den nye. (Alle foto: Egil Henden.)

Wenche og Egil Henden frå Stordal er to av dei som er med i komiteen. Dei fortel om ein innspurt som har vart sidan 1. mai-helga. Sidan då har dei elleve i komiteen vore der kvar helg. To pensjonistar har vore der heile veker, det er Jon Hånes og Olav Stavseng
Dei har lakka inne og beisa ute. Siste helga Wenche var der sydde ho gardiner både til den nye hytta og store delar av den gamle. Det har vore måling og golvbelegg. Førre helg kom dei nye møblane med helikopter, og dei måtte monterast. Alle husa er beisa opp att slik at dei får same farge, gamlehytta måtte skrapast heilt inn til treverket. No er heile anlegget gjort sesongklart med nedvask og klesvask. Rundt 100 sengesett vart vaska og strekte på nytt eine helga.
– Det er mykje som må gjerast for å få alt opp og gå til sesongen, det har vore lagt ned ein kjempeinnsats, men det er ein fin gjeng som har jobba i lag desse helgene, og vi har det kjekt i lag, fortel Wenche Henden.

Ny hytte
Det har vore leigd folk til å setje opp sjølve nyehytta. Ho inneheld resepsjon og opphaldsrom og kafeteria. Samstundes får dei som jobbar der no betre forhold i og med at dei får opphaldsrom, soverom og bad i underetasjen.
Tidlegare har Jacobselet fungert som sjølvbetjeningshytte utanom sesongen. No tek den nye hytta over denne funksjonen med ni sengeplassar. Den gamle hovudhytta og annekset er framleis staden for overnatting for gjester.
Til helga er det klart for feiring, og dugnadsgjengen og mange andre får sjå resultatet av alt dei har gjort på kort tid.