Populær fotballcup

Aldri før har så mange lag vore med på Stordalscup som i år. Heile 70 lag stilte til turneringa, som gjekk både laurdag og søndag. Det har nesten vorte ein tradisjon at det er godt ver under Stordalscup, slik vart det også i år, og arrangørane kan melde om 4.000 som var innom cup-området denne helga.

05. juli 2006
John Kristian Hjelle

AaFK-spelarane Joakim Austnes og Hermann Ekeberg var også med og spelte fotball for kvart sitt lag, minijentelaga 8 år frå Ørskog og Stordal. Her har dei stilt opp saman med laga etter kampen.
AaFK-spelarane likar seg tydelegvis også på Stordalscup, dei skulle vere der i om lag to timar, men det vart nok over fire timar før dei sette kursen utover til Ålesund att. (Foto: John Kristian Hjelle.)

Folk kosa seg med fotball frå det rekordstore talet på 70 påmelde lag, og nytta samtidig høvet til å besøke tivoliet, prøve ut ulike aktivitetar og få med seg underhaldning frå både utescene og inne i Stordalshallen.
– Ja, vi er heldige med veret, bank i bordet, seier ei fornøgd Vigdis Hove Øie. Ho har saman med Pia Tomren drege i trådane for å få i stand årets Stordalscup, saman med alle dei som har vore ansvarlege for dei ulike aktivitetane.
– Sportsleg er vi svært godt nøgde, og også økonomisk må vi seie at vi har att for innsatsen. Det er ei fantastisk dugnadsånd som gjer at vi kan få til dette, eg vil gjerne skryte av alle som er med på den eine eller andre måten – vel blåst! – Og det er veldig kjekt at så mange lokale unge stiller på og opptrer, føyer ho til.

Fleire bilete frå Stordalscup