Fin fest for ny hytte på Reindalssetra

På Reindalssetra er det no komen opp ei heilt ny hytte. Sist laurdag kunne dugnadsgjengen og mange andre feire dei nye fasilitetane på fjellet.

12. juli 2006
Randi Flø

Mykje folk var samla ute på tunet då den nye bygningen var offisielt opna sist laurdag. (Foto: Egil Henden.)

Leiar i turisforeininga, Børre Torsvik, kunne stolt ønskje velkomen til opning og han let generalsekretær i Den Norske turistforening, Kristin Krohn Devold, få stå for den offisielle opninga.
Det norske flagget vart heist til nasjonalsongen spelt av Sula Trad Band frå Langevåg.
Det var tid for å vise fram den nye hytta, fire guidar tok med seg kvar si pulje, slik at dei uinnvigde fekk vite meir om hytta og Reindalssetra.
Den nye hytta inneheld resepsjon, opphaldsrom og kafeteria. Om sommaren skal underetasjen brukast av dei som jobbar der, dei har fått både dusj og soverom her. Utanom sesongen skal denne hytta erstatte Jacobsselet med tanke på sjølvbetjening.

Mange
Det var rundt 80 personar som tok del i feiringa på laurdag. Det var dekka i eit telt på utsida. Sosaskjøt og ertestuing med bringebærsaft frå Valldal stod på menyen. Mange let seg imponere av kaka. Ho var det bakar Kåre Walderhaug som hadde laga. Botnane hadde han laga ferdig i Ålesund, men sjølve pyntinga tok han på Reindalssetra. Her var det eit stort fint bilde av Reindalssetra på.
Mange nytta høvet til å seie nokre ord under middagen, og det var gåver frå mange, både frå entreprenøren, frå Skjåk almenning ved Stig Aaboen og lokale noboturistforeiningar i Romsdal og på Nordmøre. Ola Betten helsa frå Fylket.
Alle fekk med seg eit minne frå festen, Olav Stavseng, som har lagt ned ei rekkje dugnadstimar i fjellet, hadde også fått tid til å lage bordkort med namn til kvar einskild, ein fin liten trestubbe med namnet på. Dugnadskomiteen på elleve trufaste fekk mykje ros for det arbeidet dei har lagt ned, og fekk kvart sitt silketrykk av Marianne Heske.
Det vart både nattmat og dans til langt utover den lyse sommarnatta.

Fin gjeng
Wenche og Egil Henden frå Stordal har vore med i hyttekomiteen og dermed også på dugnaden heile tida.
Dei fortel at dei vart bedne med på dugnad ei helg, noko dei vart med på. Plutseleg var dei med i komiteen. Wenche jobbar i møbel og Egil er snikkar, så dei har nok ein populær bakgrunn for sikt dugnadsarbeid. Dei to likar å gå i fjellet og trivst svært godt på Reindalssetra. Wenche jobba der som husmor i fjor sommar.
No er dei glade for at den nye hytta er oppkomen og at ho vart så fin og praktisk.