”Bry-Deg”-lag på Norway Cup

Stordal sitt gutelag i 16-årsklassa gjorde det som kjent skarpt i årets Norway Cup ved å vinne B-sluttspelet i si klasse. Dette laget er sett saman av spelarar frå fleire årsklasser, og dei yngste er ikkje meir enn 14 år gamle.

23. august 2006
John Kristian Hjelle

Lagbilde av ”Bry-Deg”-laget, Gutar 16 år frå Stordal, som vann B-sluttspelet i klassa si i Norway Cup. Ståande frå venstre Tommy Lianes, Knut Sivert Vikenes, Eirik Nakken Nilsen, Sondre Øvrebust Nygård, Ole Christian Hove, Fehim Hadzalic, Kenneth Søvik, Emil Moltu Staurset, Dag Erik Lianes og Geir Marius Øie. Med pokalen Lars Eivind Joranger, og fremst keeper Hasib Hadzalic. Foto: Arild Hove.

Men i tillegg til at dei gjekk heilt til topps i turneringa var dei også på førehand plukka ut til å vere ”Bry-Deg”-lag. ”Bry-Deg”-prosjektet er NNPF sitt prosjekt med målsetting om å vere med på å forhindre at barn og unge begynner med narkotika. NNPF står for Norsk Narkotikapolitiforening, som er ein ideell organisasjon, driven på frivillig basis med medlemmar frå politi, tollvesen, påtalemyndigheit og andre, som mellom anna If Forsikring.
Stordalsgutane er som ”Bry-Deg”-lag i godt selskap, under OL i Torino vart Hopplandslaget ”Bry-Deg”-lag, fotballaget Ham Kam vart ”Bry-Deg”-lag i 2003, saman med mellom anna Røas ”Dynamite Girls”. Også artisten Venke Knutson er med på denne kampanjen. Ved å verte ”Bry-Deg”-lag fekk laget tidlegare i sommar tilsendt eit komplett draktsett, og under ein arrangement på standen til ”Bry-Deg”-aksjonen på Ekebergsletta fekk dei møte Ham Kam-trenar Frode Grodås saman med mellom andre spelar Tommy Øren, og Venke Knutsson signerte draktene til gutane. – Dette var veldig populært, fortel trenar Jens Aage Øvrebust. Nokre av gutane vart ropt opp på scena for å stå saman med Ham Kam-spelarane under ein demonstrasjon av korleis ein narkotikahund finn vekkgøymd narkotika. – Du må få med at eg er veldig imponert over desse gutane og oppførselen deira under Norway Cup. Dei er veldig greie å ha med å gjere, og dette fekk eg også fortalt frå leiarar for andre klubbar som budde på samme skulen som oss under Norway Cup. Dei er verdige berarar av ”Bry deg”-draktene, seier han stolt! Gutane fekk god kontakt med spelarane frå eit av laga dei spelte mot, Gatchina frå St. Petersburg. Dette trass i at det var berre ein av dei som kunne engelsk. Så god kontakt fekk dei at Stordalslaget er invitert til å delta på ei turnering i St. Petersburg no i september.
– Dette har vi faktisk gripe fatt i og arbeider no med å få til. Men det er klart at ein slik tur vil koste ein god del, så no er vi på jakt etter sponsorar som kan vere med og støtte oss slik at dette kan gjennomførast, fortel han. – Eit anna lag som budde på same skulen som oss var eit jentelag frå Romedal. Dei vart utslått og reiste heim tidlegare i turneringa, men lagleiaren sa til meg at dersom vi kom til finalen så skulle han samle saman laget og kome ned og heie på oss. Og det gjorde dei. Dei reiste eins ærend frå Romedal, som ligg litt sør for Hamar. Til neste år vil dei melde seg på Stordalscup, så det er ikkje tvil om at gutane våre har gjort eit godt inntrykk, avsluttar han smilande.