|
I tillegg til beredskapssenteret sine datasystem og personell skal Røde Kors, sivilforsvar, politi og brann også ha nødvendig utstyr her. Servicekontoret i Stranda kommune kan også flyttast hit om det skulle bli nødvendig. Alle desse etatene ligg i utsette område om fjellet skulle rase. Det 1.500 kvadratmeter store bygget har plass til ein del og ein kan køyre rett inn med bil. Helikopterlandingsplass er det utanfor. Det er no etablert fire kontor, og folka som skal arbeide der er så godt som på plass. Sist måndag var det møte i styringsgruppa og ordførarar og fylkesmannen var til stades.
Dette skal bli eit operativt senter og her skal også andre kunne dra nytte av kompetansen som blir utvikla og samla, ikkje mange plassar i verda har eit så godt overvakingssystem, seier ordførar i Stranda, Frank Sve, som er leiar i styringsgruppa.
Krevjande arbeid
I år vert boring i fjellet prioritert. Dei ynskjer å bore så store hol som 14-15 centimeter, for å kunne få ned måleverkty og anna utstyr. Det djupaste holet som er bora, er på over 200 meter, rett nok ikke med så stor diameter. Her har dei tredd eit plastrør ned og skal seinare ha ned forskjellig måleutstyr i modular på til saman 50 meter. Denne modulen skal dei senke på ulike djupner for å samanlikne data om rørsle og anna. Ein robot skal på plass og den skal samle informasjon frå GPS-antenner og reflektorar og sende dataene til Stranda.
Fleire av stasjonane i fjellet har det vore krevjande å få på plass og ein må nok rekne med i framtida at noko av utsyret må skiftast ut, seier prosjektleiar Kjell Jogerud.
Alle er opptatt av kor stor remna på toppen er, men om det skjer noko, så er det i djupna, seier Lars Harald Blikra. Derfor er boringane og målingane inne i fjellet i dei ulike laga så viktige, seier han.
Dei har reist litt rundt i verda og sett på andre system for overvaking av ras, i Italia og Canada, og dei har hatt besøk av ekspertar frå andre land. Det er nyttig at å utveksle informasjon og at vi kan bidra med og nytte andre sin kompetanse, seier Lars Harald Blikra som har eit to-årsengasjement som geofagleg leiar. Han kjem frå NGU. Saman med dataekspert Tore Bergeng, prosjektleiar Kjell Jogerud og geolog Jarle Hole skal han bearbeide og overvake alle data som kjem inn frå dei ulike stasjonane. Det meste av dette utstyret skal vere på plass sommaren 2007.
Beredskap
Jarle Hole frå Hellesylt har ansvaret for beredskapen, og den overordna planen for beredskapen er klar, og i løpet av vinteren reknar han med at dei fleste av detaljplanane er på plass. Kvart enkelt bygdelag som er berørt, vil få eigne prosedyrar som skal utviklast saman med den kommunen bygdelaga er i. Dette vert det arbeidd det med på beredskapssenteret og i kommunane og folk vil få informajson så snart dette er klart, gjennom fleire kanalar.
|
|
|