Storfjord Helsesenter til godkjenning

Eit fleirtal i formannskapet i Norddal gjekk inn for å tilrå komunestyret å godkjenne vedtektene for Storfjord Helsesenter AS. Signe Brenna (Norddalslista) meinte dei hadde for tynt grunlag til å gjere dette.

30. august 2006
Randi Flø

Helsehuset er tenkt bygd saman med Muritunet.

Saka skal opp til behandling i kommunestyret tysdag 5. september. Kommunestyret har vedteke å gå inn i Storfjord Helsesenter a.s med ein aksjekapital på 6,9 millionar kroner av samla kapital på 14 millionar. Medeigar er Muritunet som skyt inn 7,1 millionar kroner. Interimsstyret meiner at tida er inne for å formalisere selskapet og har sendt eit framlegg til skipingsdokument og vedtekter, som skal godkjennast i kommunestyret.
Då formannskapet skulle gi si tilråding måndag i førre veke, var det lagt ved berre eit skipingsdokument.

For tynt
Signe Brenna (Norddalslista) hadde leita fram vedtaket som var gjort i kommunestyret i februar, der det stod ei setning om at Norddal kommune vil delta i etableringa av Storfjord helsesenter med ein aksjekapital på 6,9 millionar kroner og at finansieringa skal skje gjennom innløysing av ansvarleg lån i Tafjord Kraft.
Brenna meinte saksgrunnlaget dei fekk på bordet var for tynt og ikkje godt nok til å velsigne skipingsdokumentet. Ho sa at det ikkje har vore drøfta ulike selskapsformer og ikkje om det kunne vore heileigd av kommunen.
Brenna kom med framlegg til vedtak om å utsetje saka. Før vedtak kan gjerast, meinte ho det må liggje føre vedtak om kor stor eigardel Norddal kommune skal ha i Storfjord helsesenter og kva form selskapet skal ha. Like eins ville ho ha framlagt sakspapiret som viser behovsvurderingar for kommunale, statlege og private leigeinteresser og oppsett som viser årlege driftsutgifter for kommunen i tillegg til skisser av prosjektet.

Grundig
Rådmann Stig Holmstrøm meinte at mykje av dei sakspapira Brenna etterlyste har vore utsende i form av ein rapport. Arne Sandnes sa at det er ei prosjektgruppe som har jobba grundig med dette prosjektet, han kjende seg trygg på at det meste hadde vore gjennom den kommunale mølla og at det aldri har vore meint noko anna enn at det skulle vere eit aksjeselskap.
Brenna kunne ikkje forstå at dei kunne gjere eit så viktig politisk vedtak utan betre saksgrunnlag. Ho viste til at det i sakspapira stod opplista kva dokument som ligg føre utan at dei hadde tilgang til dei.
– Eg føler at dette blir teke vekk frå den politiske behandlinga, vi må bli informert. Eg forventar at dette blir handtert slik at det ikkje slår tilbake. Til det sa Arne Sandnes at dei har tid fram til kommunestyret å dokumente, men at dei som politikarar ikkje kan detaljstyre alt.
Rådmann Stig Holmstrøm sa at han hadde oppfatta det slik at det skulle skipast eit aksjeselskap. Brenna sa at det ikkje er nok kva rådmannen oppfattar, men at det bør stå i eit politisk vedtak. Ho viste til ein rapport som seier at aksjeselskap er det mest kostbare for kommunen.
Det var berre Signe Brenna som røysta for sitt eige framlegg om å utsetje saka for å få meir dokumentasjon. Saka skal opp til behandling på førstkomande møte i kommunestyret 5. september.