|
Til no i haust har skulen vore på fjelltur på Liasætra og på Trollkyrkjegarden. På turane har dei kombinert fysisk aktivitet med sunn mat. Sist veke gjennomførte også skulen eit prosjekt der elevane laga ulike rettar med hovudvekt på frukt, bær og grønsaker. Fredag blei prosjektet avslutta med felles lunsj, der skulen invitere søsken, foreldre, besteforeldre, barnehagen og aldersheimen til å kome på skulen for å sjå, og ikkje minst smake all den gode maten som elevane hadde laga.
Aktive elevar med rett bensin på motoren er opplagde, lærevillige og glade elevar. Aktivitet og mat er grunnleggande for læring og trivsel, seier rektor Pål Bjørn Øvrebust. |
|
|