|
Dei fire er Svein Martin Remseth Andersen, Silje K. Tafjord, Stig Johnny Hoel og Ann Kristin Godø, som understrekar at dei gjer dette som privatpersonar og ikkje på vegner av bedrifta Remseth Maskin AS, der dei to karane jobbar.
Det er det kommunalt eigde arealet frå elva og bort til elverket og Valldal Grønt inkludert Hovebygget dei no har kome med førespurnad om å få kjøpe.
Vidareutvikle
Dei skriv i brevet at dei ønskjer å bruke arealet til vidareutvikling av den noverande forretningsverksemda og stiller seg samstundes svært positive til andre nyetableringar som kan realiserast på dette arealet. Bodet føreset at arealet blir regulert til den næringsverksemda som vil bli aktuelt å drive og dei ser ingen problem i å kunne ha både service- og industriverksemd på same areal dersom ein legg godt til rette for det.
Dei skriv at dei er kjende med at ein ekstern investor ønskjer å byggje hotell på dette arealet, med ein del føresetnader som legg sterke føringar for økonomien i Norddal kommune og næringslivet som er der i dag. Dei ser ikkje kvifor det skulle vere nødvendig for Norddal kommune å bruke så store økonomiske ressursar for å realisere denne hotellutbygginga, særleg ikkje når det finst andre aktørar i det lokale næringslivet som er villige til å betale for å få lov til å vidareutvikle forretningane sin på området. Burde ikkje ein kommune med trufast synkande folketal straks opne for både hotell og vidareutvikling av anna næringsverksemd? spør dei brevet.
Økonomi
Dei gjer det klart at både gevinstane og innsparingane til Norddal kommune vil bli betydelege dersom dei vel å svare positivt på førespurnaden om å få kjøpe tomta. Største gevinsten meiner dei er at det blir opna for meir allsidig næringsliv i kommunen i framtida. Kommunen vil dessutan oppnå ein betydeleg betre pris på tomtearealet på Grandane enn det som er skissert frå hotellprosjektet. Samstundes slepp kommunen kostnadene med å fjerne industribygget og å opparbeide tomta på Grandane. Dermed kan kostnader til å opparbeide tomteareal og nybygg i Djupøyna reduserast. Dei meiner den samla innsparinga for kommnen ligg på titals millionar kroner.
Heilt seriøst
Gjer de dette for å provosere?
Vi har kome med eit seriøst bod, seier Svein Martin Remseth Andersen og legg til at dei no synest prosessen på Grandane har gått over alle støvleskaft.
For å få til eit hotell i regi av Berg Jacobsen-gruppen har dei trakka på andre som prøver å få til noko. Eg forstår ikkje at det skal vere nødvendig at Norddal kommune skal betale for at det skal bli eit hotell når det finst alternativ. Det er andre enn Berg Jacobsen som kan tenkje seg å bruke tomta. Det er fleire andre som har sagt seg villige til å vere med og spytte inn pengar om vi skulle vere så heldige å få kome med i ein bodrunde, seier Svein Martin Remseth Andersen.
Han innrømmer at han har sett seg rasande på det som har skjedd, den prosessen kommunen har sett i gang minner han ikkje mykje om eit demokratisk samfunn. Han meiner det er mange som er førte bak lyset og haldne for narr.
Planutvalet gjekk på eit møte i desember i fjor samrøystes inn for framlegget til Paul Fredriksen om at dei ser ingen grunn til å innføre byggje- og deleforbod i det aktuelle området. Saka gjaldt ein førespurnad frå Valldal Auto-Maskin om å få byggje ut med tanke på leigetakar Remseth Maskin. Dei vart lovde at det skulle bli ei sak. I februar gjorde kommunestyret vedtaket om visjonen om Muriparken.
Etter det vart det stilt. Det vart ikkje laga noko sak for oss. Alt vart forpurra. Først i mai eller juni tok representantar frå kommunen til å snakke med oss, seier han.
Det har vore forhandlingar mellom Remseth Maskin AS og kommunen, og dei har fått tilbod om gratis 4,5 mål med grasmark i Djupøyna, med veg, vatn og kloakk fram til tomtegrense.
Dette er det einaste konkrete som er kome fram, men vi er framleis i forhandlingar, sjølv om det no har vore stilt i to månader, seier han.
Dei lurer på korleis ein kan samanlikne råtomt i Djupøyna med det dei har på Grandane. Der er det både tomt, bygg og verkstadtekniske installasjonar. Han viser til at berre mindre tekniske grunninvesteringar som spillolje og trykkluft vil kome på minst ein halv million kroner dersom dei skal byggje på nytt.
Kvifor skal vi flytte fram i Djupøyna og måtte investere på nytt når Berg Jacobsen får sparka pengar etter seg? spør han.
Hårreisande
Dei fire ungdommane som har kome med bod på tomta på Grandane seier dei gjer dette fordi dei synest det er hårreisande at kommunen skal bruke så mykje pengar på eit hotellprosjekt, noko dei gjer på eit svært dårleg økonomisk grunnlag. Det verkar på dei som det berre er å få setje i gang, dei spør ikkje kva det vil koste. Dei spør seg også kva det vil koste å tilpasse fasadane på dei bygningane som ligg i området etter som hotellinvestoren har sagt at kringliggande bygningar må tilpassast.
Ikkje negative
Dei understrekar at dei ikkje er negative til hotell, men dei forstår ikkje at det er Norddal kommune som skal betale for det. Dei viser til at det finst tomt til helsehuset og meiner at dersom Berg Jacobsen og Muritunet skal trekkje vekslar på kvarandre, burde hotellet byggast vegg i vegg med Muritunet. Det ville gi høve til å skape eit levande næringsliv på resten av Grandane.
Hotelltomta er den einaste tomta som i dag er regulert til industriføremål. Kvifor skal kommunen gi henne vekk når det er nokon som er interessert i å kjøpe? Kva skal kommunen kutte ned på for å finansiere dette? spør dei og legg til at politikarane har stemt ja til heile prosjektet før dei ser om det går i pluss eller minus.
Dei synest at mange politikarar er blåøygde, feige og uansvarlege som ikkje forlangar å sjå dei økonomiske konsekvensane over lengre tid før dei gjer vedtak.
|
|
|