Svelestopp på Dyrkorn

Den gamle og ærverdige tidlegare hurtigruta Nordstjernen svippa innom Geiranger og svelestopp på Dyrkorn på sin veg attende til Tyskland med tyske turistar frå cruisefart på Svalbard.

20. september 2006
John Kristian Hjelle

Hilde Dyrkorn i full bunad serverer svele til nyfikne turistar.

Eva Haukvik frå Dyrkorn har arbeidd på hurtigrutene i til saman ti år og har vore med på Nordstjernen sitt cruiseopphald på Svalbard. Det var ho i fjor også, kan mor hennar, Selly Haukvik, fortelje.
– Dei har gått frå Longyearbyen på to tredagars cruise i veka rundt Svalbard no i to månader, passasjerane har kome med fly frå Tromsø til Svalbard. No var dei nett ferdige med sesongen og siste cruiset, så no var dei på veg til Hamburg med turistane, og på vegen har dei vore innom Tromsø, Trondheim, Geiranger og altså Dyrkorn, fortel ho.
Vidare skal dei innom Flåm og Bergen før dei set kursen for Hamburg. Det var Eva som ordna kontakten med Dyrkorn og svelestoppen, men kapteinen kjende til svelene på Dyrkorn frå før.
– Men han var ikkje klar over at Eva kjem herfrå, fortel Selly.
– Eva arbeider til vanleg på Trollfjord, der ho no skal mønstre på når sesongen tek til. Både dei 130 turistane og mannskapet på Nordstjernen og vi på Dyrkorn tykte dette var artig, fortel Selly. – Vi hadde på oss bunad, og tok svelene med om bord på båten der vi delte ut. Dei ville gjerne ha oppskrifta, og svelene gjekk unna, fortel ho. – Men det vart ein smakebit på dei som var møtt opp på kaia òg.