Markdag på Eide

Fredag i førre veke arrangerte Indre Sunnmøre forsøksring saman med Fylket si landbruksavdeling markdag på Eide i Eidsdal. Femten bønder hadde rive seg laus frå kvardagen og var klare til å få servert kaffi og fagleg påfyll.

27. september 2006
Alfred Nilsen

Kåre Storås, Else Rønneberg, Oddrun Grønningsæter og Georg Indreeide fann vegen til Eide og markdag sist fredag.

når bøndene møtest ein flotte dag i september. Har du fått att sauene dine? Har ikkje Gustav gule klyper? Eg manglar berre seks. Det høyrest vidunderleg ut. Er noko av det ein kan snappe opp. Hallo nabo, seier Olav Kilsti til Kåre Storås. Og så er det sjølvsagt ei lovprising av den milde vertypen.

Planar
Jon Geirmund Lied frå Indre Sunnmøre forsøksring ønskjer velkomen, byr på kaffi og set i gang med orientering om nye sprøytemiddel, fordelar og ulemper. Kvart gardsbruk skal ha ein miljøplan del ein. Der skal det vere eit kart over jorbruksarealet og endringane som skjer, skal visast på kartet. Ein gjødselplan og ein sprøytejornal skal det også vere. Og ei sjekkliste som skal avkryssast kvart år og som skal vere på garden. Dette er noko dei fleste har greie på då dette er noko ein må gjere.
Miljøplan del to derimot er eit frivilleg prosjekt der heile garden er med og ikkje berre dyrka mark. Denne delen kan vere viktig å ha med når ein skal søkje midlar eller setje i gang prosjekt som ikkje er direkte retta mot landbruket.
– Skal ein drive med slike ting er det smart å ha ein miljøplan del to, seier Jon Geirmund Lied.

Utfordringar
Det er ei utfordring å halde det slik det er i dag, seier ein av medlemmene. Ja, det er det, svarar Jon Geirmund og held fram med at det er greitt å vise at ein har ei hovudmålsetting med drifta og at ein lagar seg delmål som fortel om framdrifta. Å samarbeide med grannar og med folket i bygda gjennom lag og organisasjonar er også viktge element. Skal vi ta vare å kulturlanskapet krevs det innsats frå mange, legg han til. Peike på miljøverdiar, lage prioriterte lister og involvere så mange som råd er kansje vegen å gå. Norddal kommune skulle hatt ein representant frå landbruksavdelinga til stades for å snakke om SMIL-midlar, men det var dessverre ikkje råd.

Regionalt miljøprogram
Frå Fylket var Arnold Hoddevik til stades og han snakka om regionalt miljøprogram. Her er det ei rekkje tilskotsorningar som er retta mot slikt landbruk som vert drive her inne. Seterdrift, bratt areal, kulturminne og soner med særleg verdfullt kulturlandskap var tema han kom inn på. Heile åtte tilskotsordningar med ein pott på 17,2 millionar kroner som skal fordelast i 2006. Søknadsfristen er 1. oktober og informasjon om desse får ein hjå kommunen eller på nettsidene til Fylkesmannen.
Etter ein fagdag ute i det fri på Eide kan vel nokon og ein kvar få idear for framtida.