Kyrkje i ny drakt

Stordal kyrkje vert for tida pussa opp ”i alle endar”. Då vi var innom, var det arbeid på gang både på taket, ved
hovudinngangen og inne i sjølve kyrkja.

4. oktober 2006
John Kristian Hjelle

Snart ei nyoppussa Stordal kyrkje.

100-årsjubileet til kyrkja skal markerast 26. august neste år med ei jubileumsgudsteneste. Målsetjinga er å verte ferdig med mest mogleg av oppussingsarbeidet i år, men oppattmålinga av sjølve kyrkja utvendig vil ikkje verte gjort før til våren.

Taktekking
På taket var Freddy Svinøy og Endre Vegsund frå Grønvik Taktekking i full sving med å skifte beslag. Det vert ein del lemping på takstein, då dei må ta steinen av for å kunne skifte beslaga. Det bratte spiret vart teke for nokre år sidan og skal ikkje takast no.
Dei fortel at dei har halde på sidan etter ferien, og dei reknar med å vere ferdige ut i oktober. Til vanleg har dei også Torstein Vegsund Solli med seg, men han var ikkje til stades denne dagen.

Skal vare i 100 år
Kyrkjeverje i Stordal, Jan Olav Hesthaug, fortel at det som nok er det dyraste oppussingsprosjektet på kyrkja akkurat no, er knytt til tak, takrenner og beslag. Alle beslag og takrenner vert skifta ut, og dei nye som vert sett opp er av kopar.
– Men so skal no det vare i 100 år, fortel han.
Taket på sakristiet og inngangane her er tekt opp att, og dei måtte til med ein god del ny stein.
­ – Dei runde taka på sakristiet er spesielle, både med tanke på type tekking og sjølve utforminga av steinen, så desse måtte handlagast, fortel Hesthaug.
I tillegg vart ein del av steinen som er lagt på inngangane, laga tjukkare enn resten. Dette fordi steinen som låg der før, ikkje tålte takras frå korttaket i midten om vinteren.
– Vi kunne ha montert snøfangarar, men vi veit ikkje om taket er konstruert for å tole den vekta ein då ville ha fått, seier han.
Kyrkja er såkalla ”listeført” av riksantikvaren, som ifølgje Hesthaug tyder at ho nærast er verna.

Rullestoltilkomst
Ved hovudinngangen til kyrkja er det også arbeid på gang. Det vert støypt og laga til slik at ein skal kunne komme seg inn med rullestol, og samtidig må då sjølve trappa forlengast noko med nye trinn. Tilkomsten med rullestol er lagt til nordsida av trappa, fordi det er på denne sida av kyrkja ein kjem frå parkeringsplassen.
Hesthaug fortel at det skal leggast varmekablar og skifer både i rullestolinngangen og sjølve trappa.
– Vi må heve bakkenivået akkurat rundt trappa og hovudinngangspartiet, men dette vert ikkje merkandes, fortel han.
Det skal også støypast ny trapp inn til dåpssakristiet i andre enden av kyrkja.

Mykje målingsarbeid
Inne i kyrkja er eit omfattande målingsarbeid sett i verk.
– Våpenhuset er nesten ferdig, vi har fått lagt nytt golv og måla. Trappeoppgangane til galleriet skal fullmålast, både golv, veggar og tak, fortel han.
– Det vert også ein del måling i sjølve kyrkjerommet, i tillegg til i sakristiet og inngangspartiet til sakristiet. Det innvendige målingsarbeidet kjem til å halde fram med utover hausten.
Hesthaug fortel at det elektriske anlegget har vorte inspisert, og inspeksjonen viste at varmeanlegget ikkje er etter dagens krav. Nokre av omnane er for varme, mens andre ikkje fungerer i det heile tatt. Om ein får gjort noko med dette innanfor dei økonomiske rammene dei har i dag, veit han ikkje enno.
Avsluttingsvis fortel Hesthaug at også gjerdet rundt kyrkjegarden hadde trunge eit målingsstrøk, men at ein ikkje har kunna prioritere midlar til dette.
– Så viss det er nokon innsatsvillige som kunne teke initiativ til å få gjort dette på dugnad, hadde det vore midt i blinken no framføre jubileet, seier han lett optimistisk med tanke på stordalingane sin velkjende dugnadsvilje.