Ny prest på plass

Sist søndag vart Morten Gravdal innsett som ny sokneprest i Norddal sokn. Samstundes var det hausttakkefest og utdeling av kyrkjebok til fireåringane.

4. oktober 2006
Randi Flø

Dette er den blidaste ungen eg har døypt, sa presten og viste fram Sigvart Sunde til kyrkjelyden.

Først var det familiegudsteneste i Sylte kyrkje på føremiddagen, på ettermiddagen var det i Norddal kyrkje.

Prosesjon
Det heile starta med ein prosisjon der fireåringar og foreldre kom inn med korger fylte med haustens grøde av frukt og grønsaker.
Saman med dei kom dåpsbarn med foreldre og til slutt den nye presten Morten Gravdal og prost Øystein Kjølberg.
Kjølberg sa at det var flott å kunne halde hausttakkefest etter den lange, fine sommaren vi har hatt. Han meinte kyrkjelyden hadde ekstra grunn til å gle seg denne dagen då dei kunne ønskje velkomen til Morten Gravdal som ny prest i Norddal sokn i Austre Sunnmøre prosti. Kjølberg kjende seg sikker på at han blir godt motteken.

Dåp
Sigvart Sunde var det einaste dåpsbarnet i Sylte kyrkje denne søndagen, og det første til nypresten i Norddal. Med fadderar i høgtideleg rekkje vart guten døypt utan å gjere motstand. Han såg heller ut til å like heile seansen med vatn og handduk.
– Dette er den blidaste ungen eg har døypt, sa Gravdal og løfta den nydøypte opp slik at folk i kyrkjebenkane fekk sjå han.
Sidan heldt Morten Gravdal si første preike i Sylte kyrkje, der han snakka om ein tekst frå Jobs bok.

Kyrkjebok
Så var det tid for dei spente fireåringane. Ein etter ein kom dei fram til alteret og fekk si første kyrkjebok. Etterpå song dei fleire songar.
I kyrkja var det også fleire av dei som skal konfirmere seg til våren som hadde møtt opp. Ein av dei, Knut Olav Døving, hadde med seg eit papir med spørsmål han skulle svare på. Mellom anna skulle han finne ut den liturgiske fargen denne dagen.