|
Han er ein av dei som var med på å setje ut reinen, simler ungdyr og bukkar, i 1999 og har følgt med på korleis det går med dei.
Han fortel at reinen gjerne går i samla flokk om vinteren, medan dei helst deler seg om sommaren. I år har det vore observert ein flokk på Sunnmørs-sida og ein på Romsdals-sida. Den eine flokken har ti kalvar og den andre har fire kalvar, noko som lovar godt for at reinsflokken skal vekse.
Odd Langdal har fått referat frå fleire som har sett rein i området, nokre har kome nokså nær innpå dei.
Nokre einslege bukkar har også vorte sett. Odd fortel at dei kan verte jaga av simla i april-mai når ho har kalv.
I juli melde ein turgåar at han hadde sett to bukkar, ein med merke og ein utan. Det må bety at han utan merke er ein av etterkomarane til dei som vart sett ut i 1999.
Insekt
Folk som har sett reinen, har også lagt merke til at dei gjerne vil opp på breane. Odd forklarer at pelsen deira har ein struktur som gjer at den lokkar til seg insekt. Ved å kome seg på breen, vert insekta mindre aggresive.
Heile pelsen har små holrom som inneheld luft, verdas likaste isolasjon, seier Odd.
Han meiner reinen klarer seg godt innpå desse fjella, der det er eit svært dekke med reinlav og mose. Her har det ikkje vore beita på mange år. Også om vinteren er det gode forhold der snøen blir driven vekk. Langdal meiner at kombinasonen mellom gode beiteforhold vinter som sommar gjer at denne reinsstamma har gode forhold. Han vil tru at mellom 100 og 150 dyr kan eksistere i dette området.
Jerv
Reinen har to fiendar, det er folk og rovdyr, seier Odd Langdal.
I fjor vart det fødd elleve kalvar, men det var berre ein som overlevde. I år har ein obsevert 14 kalvar. Det store spørsmålet er om dei vil overleve. Odd Langdal meiner det er større muligheiter i år, men det er litt for tidleg å seie. Ein jerv er skoten, og spørsmålet er om det var han som forsynte seg at reinskalvane i fjor.
Langdal fortel at fire ulike personar har fortalt at dei har sett jerv i området der reinen går.
Frå gammalt
Kvifor vart det sett ut rein i dette området?
Det var for å bevise at frå gammalt var desse fjella fulle av rein, seier Odd Langdal.
Det var eit samarbeid mellom fjellstyra i Norddal og Rauma. Fylkesmannen i Møre og Romsdal støtta prosjektet i tillegg til tre private, som var Grønning sameige, Grønningsæter grunneigarlag og Øvstestølen seterlag. Sidan 1999 har dei hatt ein komite som har teke seg av dette, men meininga er at den skal avviklast frå januar neste år.
Det har vore bestemt at det ikkje skal jaktast på reinen, men Langdal meiner at dei bør ta ut ein eller to bukkar, som er tunge og gamle.
Åte kan fø jerv over vinteren
Ein del av jegerane som jaktar på jerv, legg ut store åte. Paradokset er at dei dermed risikerer å fø ein jerv ekstra over vinteren, seier viltforvaltar Ulf Lucasen.
Viltforvaltar Ulf Lucasen i areal- og miljøvernavdelinga i Møre og Romsdal fylke seier det ikkje er unaturleg at jerven går etter reinkalvar.
I ein liten flokk som den som er observert her, vil det vere mykje meir synleg om jerven tek for seg av flokken enn om han var på fleire hundre dyr som i gamle dagar. Vi sa frå om at flokken ikkje kom til å vere robust då dei sette ut rein i dette området.
Han meiner at denne flokken burde knyttast til Ottadalsreinen for å ha sjanse til å overleve.
Rein reagerer sterkt på menneskeleg aktivitet, så ein bør prøve å redusere utbygginga i fjellet.
Lisensjakt
Rovviltnemnda i Region 6 har opna for lisensjakt på jerv. Ulf Lucasen seier at kvoten på til saman fire dyr ikkje er for mykje, men han er usikker på kor effektiv jakta blir.
Jegeren møter på vanskar som terreng og ras, og så må han lære jerven å kjenne. Somme har byrja å spesialisere seg og studerer kvar han går og korleis dei skal kome seg innpå han, seier Ulf Lucasen og meiner at ein ikkje kan jamføre jakta på jerv med gaupejakta i Trøndelag.
Der fyller dei kvota lett, fordi gaupa er lett å finne.
Tap av lam
Lisensjakta på jerv som er utlyst det neste halve året, kjem først og fremst på grunn av tap av lam.
Rovdyret vårt er utan tvil jerv. Vi har lite gaupe, og kongeørna er ikkje så glad i sau. Vi har hatt bjørn på besøk. Ulven har òg vore innom, men det er mest i Romsdalen.
Ulf Lucasen fortel at ein i Ulvådalen har prøvt både vaktarhund og tidlegsanking for å redusere tap av sau.
Vi manglar tal for å seie noko eksakt om forsøksresultatet. Vi har fått fine tal etter bruk av vaktarhund, såkalla «godt grunngjevne antakelsar», men vi kan likevel ikkje påstå at tapet ville ha vore 50 prosent høgare utan hund. Ein annan vinst med bruk av hund er at han finn kadaver.
Han trur òg på tidlegsanking som eit godt verkemiddel.
Her i fylket har vi ingen rapportar på at jerv har teke sau på innmarksbeite, men på Lesja påstår dei at det har skjedd.
Tre ynglingar
Gjennomsnittet for jerv her i fylket er tre ynglingar i året. Ulf Lucasen seier at det kan vere vanskeleg å slå fast talet.
Di meir ein deler opp området, di meir ustatistiske blir tala. Jerven går på kryss og tvers av dei grensene vi set opp. Somme held seg berre her i fylket, medan andre fartar til nabofylka. Med tre ynglingar årleg brukar vi å seie at vi har mellom 15 og 20 jerv i Møre og Romsdal.
Kadaverspesialist
Jerven blir kalla Nordkalottens hyene og er ein kadaverspesialist. Han gjer seg nytte av reine knoklar og beinvev. Lam, mus, lemen, rype og hare er andre dyr han går etter. Jerven klarer ikkje å ta så mange villrein, fordi dei er så sky.
I 2005 vart eit kvigekadaver godt besøkt av jerv. Det same vart dei to hundre reinane som vart tekne av snøras oppfor Bjorli.
Ulf Lucasen meiner at ein bør gå saman om å setje ut åte, slik at det ikkje blir for mange.
Dersom ein til dømes jaktar jerv i Stordal, er det nok med ein åteplass. Ein bør ikkje leggje ut eit stort åte, jakte ei natt eller to og gå frå det. Då forer ein både rev og jerv. Reven er ikkje betre enn jerven når det er snakk om å ta sau.
|
|
|