Eidsdal Kraft – eit godt døme

Torsdag 28. september starta dei opp produk-sjonen og no leverer dei kraft til nettet litt over to månadar etter planen. Kraftverket i Eidsdal er eit av Norges største privatfinasierte kraftverk, og eit godt døme på ei lokal utbygging.

18. oktober 2006
Alfred Nilsen

No gjer turbinen jobben med inntening og Egil Berge og Per helge Nakken kan konsentrere seg om vedlikehald og drift.

Dei sel krafta si til NorPool som er ein felles nordisk kraftmarknad. Dagen før melder dei inn kva dei trur dei kjem til å levere dagen etter. Avviket blir kontrollert av Statnett. Det dei ikkje klarar å levere, må dei kjøpe og det dei produserer for mykje, får dei oppgjer for. Sist fredag var alle timane i døgnet kryssa av for 1,8 MWh og produksjone låg i overkant.
Dei er stolte over det dei har fått til i Eidsdal. Alt er lokalt med dette anlegget: vatnet, drifta, fortenesta og finansieringa. Elleve grunneigarar får betalt for fallrettane og sju av desse er med i aksjeselskapet.
– Alle eigarane held til i kommunen. Difor kjem kommunen til å få betydelege inntekter av kraftstasjonen i Eidsdal, seier Egil Berge.
Ei stilling på drift og vedlikehald er delt på tre, og på sikt treng dei ei stilling til administrasjon og rekneskap.

Kraftstasjonen
Han passar seg stort sett sjølv, men ein må vere til stades om det skulle skje noko. Egil Berge viser korleis han kan kople seg opp og sjå korleis stoda er, både på mobiltelefon og med ei datamaskin.
Pelton-turbinen som produserer straum no, har ein kapasitet på 3,6 MWh. Blir vassføringa større, set dei i gang Francec-turbinen, som er laga for å ta unna dei store mengdene. Denne vil kun gå dei tre månadene i året då snøsmeltinga gjer seg gjeldane. Kraftstasjonen produserer og leverer 23 GWh gjennom året, dette tilsvarer straumforbruket til om lag 1200–1400 hustandar. I november kjem det ny høgspentkabel over fjorden og denne er dei avhengige av for å kunne levere all straumen dei produserer.
Kraftstasjonen får ein ikkje auge på før ein køyrer ned til der han ligg.
– No driv entreprenøren med den siste finpussen. Når vi er ferdige med å stelle til, blir det opningsfest, seier Egil Berge med eit smil.
Han har vore fulltidsengasjert i over eit år med arbeid for Eidsdal Kraft. Han har vore byggjeleiar, arbeidar, planleggar og holdt orden på rekneskapen.
– Det har vore mykje og interessant arbeid, seier han.

– Ikkje enklaste måten
– Vi valde ikkje den enklaste måten å bygge ut på, nemleg å la andre gjere det for oss, seier Egil Berge.
– Men no får vi betalt for at vi gjorde det sjølve gjennom at det meste av kapitalen blir igjen her inne. Vi greidde å overtyde banken om at krafta vi produserer var trygg og god nok. No kan vi vere eit godt døme for andre som vil bygge ut, legg han til.
Eidsdal Kraft as er den største privatfinansierte kraftstasjonen i Norge og bygginga skjedde på rekordfart, sjølv om dei hadde problem undervegs.
– Det vil alltids vere noko som går gale på eit så stort anlegg. Vi fekk ein del feilleveransar på noko røyr. Slikt tar tid. Lekkasje på to ventilar i tillegg til eit røyr som sprang lekk på verst tenkeleg stad, og så kom ferien, seier Egil Berge.
Budsjettet sprakk med ti millionar på grunn av meirarbeid på dammen og grøfta i tillegg til nettilkoplinga over fjorden. Men det er inga krise så lenge kraftprisen er som han er i dag, seier kraftoptimisten Egil Berge.

Dammen
No skal området rundt dammen stellast til. Egil Berge håper at vegen blir utvida slik at det blir råd å stoppe ved dammen.
– Der finst det eit gammalt kvernhus og desse to objekta saman kan vere verdt eit stopp, meiner Egil Berge.
NVE har vore på synfaring. Dei var godt nøgde og syntest det var eit flott anlegg. Litt vatn må dei sleppe ut i det gamle elveleiet og dette skjer i dag frå eit rør i botnen. Dette vil, om alt går slik dei vil, kunne gå over dammen slik at det i sommarhalvåret blir ein fin foss å sjå. Dette må NVE gje løyve til.