|
Eit stort arbeid er allereie lagt ned i dette prosjektet. Einar Hove har gjennom Stordal sogelag fått med seg mange med interesse for området. Arbeidet med Den store hesteferda som resulterte i fjernsynfilmen, førte også til eit tett samarbeid mellom dei ulike bygdene og desse har halde kontakten seinare.
Det er området rundt Langsætrane det handlar om, eit område som frå tidlegare tider har vore mykje brukt av folk
frå bygdene Stordal, Valldal, Innfjorden, Måndalen og Tresfjord.
Flerie steg
Einar Hove fortel at det er Øvre Stordal og Stordal sogelag som har teke initiativet til dette arbeidet. Poenget er å synleggjere alle dei store verdiane som finst i utkantane av bygdene. Første steg har vore å dokumentere skriftleg og gjere kjent mykje av det dei reknar som store historiske og kulturelle verdiar.
Dokumentasjonen er utførleg skriven i form av ulike hefte. Mellom anna er det gitt ut eit hefte om alle dei 32 stølane i Stordal, ikkje berre på Langsætrane, men over heile kommunen. Her har folk frå kvar grend vore med og utarbeidd registrering med tekst og bilde i tillegg til at stølane er avmerka på eit kart. Dei eldste stølane viser seg å vere frå 1600-talet.
I regi av Stordal sogelag er også alle stiane som gjekk fram til og mellom desse stølane merka.
Langsætrane har i tillegg fått sitt eige hefte. Her ligg dei store sommarsetrane til dei 40 nederste bruka i Stordal. Her finn vi to stølar, Pusken og Kvitlane, som var dei største samla stølane på Vestlandet i si tid. I heftet er det også ei mengd gamle bilde frå stølslivet i eldre tid.
Eit anna hefte handlar om klyngetun på Jøsvoll og her er det skrive om dei mange kulturminna som knyter seg til dette klyngetunet.
Stordal sogelag har engasjert seg i dei vitskaplege undersøkingane av Trollkyrkjegarden, rydding av tuftene etter garden Fokhaug. Dei har også skrive om ulike kulturminne i Langsæterområdet, slik som Fantehammaren, Kamb-Ola, bogestellet i Dyrdalen og andre merke etter folk i dette området.
Det andre steget i dette arbeidet handla om rydding av gamle råser. I forkant hadde sogelaget skissert på eigne kart kvar desse gamle stiane gjekk. Stordal Bondelag har fått støtte frå Landbruksavdelinga i fylket til å rydde alle stiar og råser.
Synleggjering
Tredje steg har vore å synleggjere alt det er skrive dokumentasjon om. Eitt av tiltaka her er å setje opp informajsonstavle. På parkeringsplassen på Overøye er det kome opp eit grindbygg der det er tettpakka med informasjon, men endå plass til litt meir. Her er det kart og bilde og det ligg ute hefte frå sogelaget, slik at folk kan gjere seg kjende med det dei vil.
Hove fortel at dette er ein konstruksjon som er basert på eit historisk korrekt grindbygg. Slik bygde dei utløer og løer før i tida. Her får folk sjå denne byggjemåten. Det andre poenget med bygget er at det skal vere moderne og gi nyttig informasjon. Her er det sett opp ulik informasjon både på utsida og innsida, og det er endå plass til litt til.
Han fortel at dette er eit
bygg som har kosta både pengar og innsats. Heile 540 dugnadstimar er lagt med fordelt på
32 personar, til ein verdi av nærare 100.000 kroner. Kostnaden i reine pengar ligg på rundt 80.000 kroner. Fargevalet er gjort etter nøye vurderingar, mellom andre av ein rosemålar, treskjerar Per Alnes har laga utskjeringane.
I tillegg skal det setjast opp to mindre informasjonstavler, ei på Pusken og ei på Kvitlane.
Retningsskilt
Med i dette informasjonsopplegget høyrer også med å setje opp retningsskilt. Det arbeidet er allereie godt i gang.
Hove seier det er viktig at folk får vite kva retningar dei skal gå, retningsskilta vidarefører all den andre informasjonen som er utarbeidd. Skilta skal setjast opp fleire stader.
Samarbeid
I samband med den store hesteferda vart det skapt kontakt mellom bygdelaga som ligg rundt dette fjellområdet. Målet er no å samarbeide vidare for å kome fram til det Hove kallar Fjord- fjell- og friluftsparken. Han har sendt brev til Stordal kommune der han kjem med framlegg om at å få til eit samarbeid med kringliggande bygder for å rydde alle stiar i området. Hove meiner ikkje at dette skal vere eit offentleg tiltak, han har større tru på å kontakte folk som er genuint interesserte i sitt nærområde.
Som eit døme på dette viser han til at Lars Valdal og Einar Waldal allereie har gått opp og rydda den gamle stien frå Valdalssetra til Seljebotn, der det gjekk ein gammal ferdselsveg. Også stiane til ulike fjelltoppar i området er det meininga få med seg folk til å gå opp og rydde og merke.
Hove si meining er å gjere dette området attraktivt og tilgjengeleg for folk som både vil gå og lære om natur og kultur.
|
|
|