|
Går du inn på heimesida til Norddal kommune, får du vite at næringsavdelinga er lokalisert på rådhuset på Sylte og at Per Grimstad er næringssjef. Tek du deg derimot ein tur til Fjordhagen, finn du både næringsavdelinga og den nye næringssjefen, Toralv Klokkehaug, i første etasje.
Kreativt beite
Toralv Klokkehaug har vore landbrukssjef med kontor i Ørskog i over 20 år, og dermed godt kjend med det som tradisjonelt har vore den viktigaste næringa i Norddal. Så kvifor skifta han beite?
Eg såg på Norddal som ein interessant kommune med tanke på næringshagen som var etablert. Her har eg høve til å vere i eit kreativt arbeidsmiljø og prøve noko nytt, spanande og framtidsretta.
Mange forstår ikkje heilt kva de driv med, og ventar på noko meir handfast?
Folk kjem til å sjå resultat, men ikkje over natta. Det er ein lang prosess. Dei som har tankar og idear, er velkomne til oss. Kan hende sit folk med idear og tenkjer at «dette er sikkert dumt», men dei kan kome hit og lufte ideen. Vi har ein låg dørstokk, og vil hjelpe vedkomande vidare der dei kan få hjelp.
Nyskaping
Den nye næringssjefen seier at næringshagen håper å få fram meir nyskaping.
I næringshagen er vi fleire verksemder og har dermed fleire aktørar å spele på. Som næringssjef er eg mindre bunden opp i vanleg kommunal måte å tenkje på. Eg er meir oppteken av mennesket enn av vanleg saksbehandling. Folk skal kunne kome hit og bli tekne alvorleg. Men vi skal òg reise ut i bygdene og treffe folk. Det har ikkje kommunen tradisjon for å gjere. Kommunen har fungert meir som ein tannlege, nokon ein oppsøkjer berre når ein må.
Vi høyrer stadig om nyetableringar. Blir dei eksisterande verksemdene like godt tekne vare på?
Det er sjølvsagt ikkje berre nyetableringar som er viktig, men òg å følgje opp dei som alt har etablert seg. Det er forsømt. Ofte ser ein at dei som har drive ei verksemd i to-tre år, går lei og misster motet. Då er det viktig å spørje seg om kva endringar ein kan får til. Det viser seg at berre 3040 prosent av verksemdene som blir starta, klarer seg. Det må vere lov å mislukkast. Ein lærer mykje av det, og er betre rusta til å gå i gang med eit nytt prosjekt. Det er inga hindring at ein har mislukkast ein gong.
Marknadsføring
Næringssjefen seier at det er mange som har gode idear, men som gløymer marknaden.
Ei skikkeleg marknadsundersøking er viktig, anten ein lager ein prøveproduksjon eller intervjuar folk.
Marknadsføring må ein heller ikkje gløyme.
Å gje folk gode opplevingar, er ofte den beste PR. Oppslag i media kan òg gje ringverknader. Ingvild Hansen Nystad fekk til dømes ein stor reportasje i Hjemmet. Slikt har stor marknadsføringsverdi.
Vil gjere seg kjend
Toralv Klokkehaug byrja i stillinga 1. oktober, og har førebels tre mål: Å bli kjent med folk og bygder, å lære lynne og tenkjemåte å kjenne og finne ut kva folk har gjort før.
Eg fortel at vi har ein tendens til å vere negative og seie at «ditta gjeng aldri bra». Er vi heldige, kan vi leggje til eit «Ka va det ej sa?».
Vi må ikkje dragast ned av pessimistar som finst i søkk og kav. Kan hende blir eg òg pessimist etter kvart, men ikkje enno.
Næringssjefen meiner at Tafjordfjella er ein stor ressurs som ikkje blir brukt lokalt.
Den som kjem utanfrå ser ofte kvalitetane på ein annan måte. Det er likevel bygdefolket sjølve som må finne ut kva dei vil produsere eller levere. Ideane skal ikkje kome frå meg, men eg skal hjelpe til å realisere dei.
Har du meir pengar i potten enn dei som har hatt stillinga før deg?
Nei.
Polsk ressurs
Næringssjefen seier at han har lyst til å bruke den ressursen dei mange hundre austeuropearane som er her i sommarsesongen, representerer, og håper å få nokre av dei til å vere her på heilårsbasis.
Dei kjem med kunnskap og utdanningar frå heimlandet, som vi kan ha nytte av her.
Kvar skal dei bu?
Det er mangel på bustader, men òg ein del tomme hus. Eg har tidlegare arbeidd med å kartleggje ledige gardsbruk. Det står folk i kø for å etablere seg på bygda, men mange drøymer om eit småbruk der dei kan ha hest.Her bør kommunen vere fleksibel når det gjeld å få dele frå bustadhuset på ein gard, og selje jorda til ein nabo eller ein som ønskjer å byggje seg nytt hus og drive garden. Vi må svelje ein del kamelar for å få til noko.
Arbeidsplassar er det heller ikkje mange av?
Då kan dei lage sin eigen arbeidsplass. Ein del råvarer som går ut av bygda, kan ein i større grad vidareforedle her, både sau, storfe og mjølk. Fortenesta blir truleg større om ein satsar på vidareforedling enn råvareproduksjon. No blir kan hende somme sinte fordi dei er lojale til Tine og Gilde. Eplevin frå Linge kunne kanskje vore eit produkt, spør næringssjefen seg.
Vi må prøve nye ting, ikkje setje grenser for kva som er råd å få til, bruke litt kreativ galenskap, seier den nye næringssjefen.
Det er forresten ein ting til eg vil seie. Eg håper klosteret blir bygt. Det er noko heilt annleis og positivt med tanke på nyskaping og vil òg skape interesse blant turistar. Eg har sjølv overnatta i kvinnekloster utanfor Athen. Kona var med då, legg han raskt til.
|
|
|