Stordal skule er snart for liten

Stordal skule står over for ei utfordring. I løpet av fem år vil elevtalet på Stordal skule auke med 25 prosent, frå 134 elevar no i år til 166 i 2010/2011.

25. oktober 2006
John Kristian Hjelle

Det ver fleire og fleire ungar ved Stordal skule.

Dette er ut frå det som per i dag er registrert i folkeregisteret. Allereie i år har elevtalet auka med 10 i forhold til i fjor. Rektor Bjørnar Midtbust oppfordra kommunen i ei orientering til kommunestyret i møte i september om den nye opplæringsplanen ”Kunnskapsløftet”, om å setje ned ei arbeidsgruppe som kan vurdere ulike løysingar. Dei må også sjå på korleis dei skal møte utfordringane som føljer med det nye Kunnskapsløftet kombinert med det aukande elevtalet.

Tilleggsareal
Bjørnar Midtbust seier til Storfjordnytt at det han har sett ved andre ombygde og nybygde skular, er korleis dei har lagt vekt på å ha lett tilgjengeleg og fleksibelt tilleggsareal. Problemstillinga ved Stordal skule er at ein allereie no har utnytta ”kvar ein krik og krok”, også rom som i utgangspunktet ikkje er tenkt brukt på den måten dei vert brukt no. Av dette kjem då at ein del av desse lokala er dårleg tilgjengelege, og det legg store avgrensingar for ei tilpassa og variert, fleksibel undervisning.
Han meiner at dei fyrst må sjå på dagens rom- og arealbruk og kva dei kan gjere med det, og vidare kva ein vil trenge av tilleggsareal. Prosessen for å kome fram til kva og korleis ein skal gjere det, må nødvendigvis ta noko tid, og ein må i dette arbeidet ha litt vyer og i utgangspunktet ikkje ha avgrensingar i forhold til kva for behov ein vil ha i åra frametter. Difor er det viktig å kome i gang snarast mogleg.
– Ta til dømes spørsmålet om skulemåltid, viss det vert ein realitet, så bør ein ha høve til å kunne tilrettelegge tilbodet og omgjevnadene for dette, eit godt kantineareal høyrer til i eit moderne skulebygg, seier Midtbust.

Økonomi
Oppstart av arbeidet med økonomiplan for 2007-2010 og budsjettet for 2007 skal handsamast i formannskaps- og kommunestyremøte no i kveld, og det har komt inn fleire innspel før denne handsaminga.
Høgre foreslår i eit innspel at det vert sett av 100.000 kroner til eit forprosjekt i samband med utviding av Stordal skule i budsjettet for 2007, og at det i samband med dette vert sett ned ei nemnd med eit gitt mandat for å stå for arbeidet.
FAU ved Stordal skule har også kome med eit innspel, der dei peikar på dei same problemstillingane: Fleire elevar, vanskeleg tilgjengelege rom som heller ikkje er tiltenkt eller tilrettelagt for den type undervisning som vert gitt der, mangel på grupperom/arbeidsrom, mangel på rom for spesialundervisning og at formingsavdelinga er nedsliten og treng oppjustering. Dei trekkjer også fram at arbeidsrommet for lærarane er for lite. Dei ber om at kommunen grip fatt i denne problemstillinga snarast og tek til å planlegge ombygging/påbygging av Stordal skule.

Komande elevar
Foreldrerådet i Andershaugen barnehage, som foreldre til komande elevar ved Stordal skule, skriv i eit innspel at dei tykkjer det er gledeleg å sjå at det no framover er store kull som gjeng ut av barnehagen og byrjar i første klasse, men at dette med dagens situasjon ved Stordal skule vil verte vanskeleg i åra framover med tanke på rom og rominndeling. Som ei følgje av dette ser dei det som viktig at det vert sett fokus på arealbehov, slik at ein kan få ein skule som fungerer både for elevar og lærarar etter dagens standard. Dei meiner at dette er ei sak som tek til å haste slik situasjonen er i dag, at dette er prosessar som vil ta tid, og at det difor er særs viktig at saka kjem opp som tema i årets budsjettforhandling.
I sitt framlegg til budsjetthandsaminga for 2007 og økonomiplan for 2007-2010 skriv Bjørnar Midtbust, som rektor ved Stordal skule, at skulen allereie i dag har behov for meir innvendig areal, og at dette vil verte ytterlegare forsterka. Han konkluderer med at ei utviding og ombygging av skulen er absolutt nødvendig, og at kommunen snarast bør sette ned ei arbeidsgruppe som kan vurdere ulike løysingar for påbygg og meir innvendig areal til Stordal skule. Han meiner det må setjast av budsjettmidlar til dette prosjektarbeidet i budsjett og økonomiplan, og at midlar til utviding og ombygging av skulen må settast av på økonomiplanen.

Dei folkevalde
Administrasjonen skriv i sakspapira at dei har søkt å ta høgde for å kunne vidareføre eksisterande tenestetilbod. Alle innspel og ynskje som har kome fram og som er innspel knytt til politiske vurderingar og avgjerder er ikkje vurderte. Det er særs viktig at formannskap og kommunestyre set seg godt inn i desse og andre innspel, ynskje og behov for å kunne gjere dei nødvendige politiske vurderingane. Det vert difor no opp til dei folkevalde å gjere dei politiske vurderingane og avgjere kva som skal skje i samband med dette.
Bjørnar Midtbust meiner at det er no ved årets budsjetthandsaming for 2007 og i arbeidet med økonomiplanen for 2007-2010 at det må gjerast noko, ein burde eigentleg ha gripe fatt i dette på denne måten for eit år sidan. Han har invitert formannskapet til å komme på synfaring på skulen i skuletida, for å sjå forholda slik dei er i dag. Endelege vedtak om økonomiplan for 2007-2010 og budsjettet for 2007 skal fattast i desember.