| Stordal Alpin søkte primært om skjenkeløyve med 16-årsaldergrense på arrangementet og sekundært at aldersgrense for dansearrangementet vert sett til 18 år. Aldersgrensa for kjøp av alkoholholdig drikke er 18 år i begge tilfelle.
Gjekk frå
Ordførar Charles Tøsse gjekk frå som inhabil i saka. Rådmannen gav ikkje noko konkret innstilling til vedtak, men hadde lagt fram to forslag til to alternative vedtak. Det eine gjekk ut på at Stordal kommune utifrå alkoholpolitiske årsaker ikkje finn å kunne imøtekome søknaden frå Stordal Alpin, det andre forslaget var at løyve vert gitt.
I formannskapet meinte Stig Falling (H) at ein skulle gje løyve under føresetnad av at det var 18-årsaldersgrense i det tidsrommet det var skjenking, og la fram dette som forslag til vedtak. Lars Kristian Øvrebust (Sp) meinte at ein skulle kunne sleppe inn 16-åringar på dansen. Det vil vere synd å stenge ute denne aldersgruppa frå ein offentleg dans. Han meinte at problemstillingane som Stig Falling viste til med at det er for vanskeleg å kontrollere at ungdommen i denne aldersgruppa ikkje får tak i alkoholhaldig drikke, ikkje bør vere noko problem. Øvrebust kom med framlegg om å gje løyve med 16-årsaldergrense for å sleppe inn på arrangementet.
Arrangøren ansvarleg
Vigdis Hove Øie (H) støtta Øvrebust sin argumentasjon, og viste til at det er lite tilbod når det gjeld dansearrangement for 16-18-åringar i Stordal. Ho meinte også at arrangøren skal vere ansvarleg for å ha rikeleg og nok med vakter til å kunne ha tilstrekkeleg kontroll under arrangementet.
Ingrid Løset (Sp) kom med framlegg om at dei ikkje skulle imøtekome søknaden. Det vart difor til slutt tre alternativ det vart stemt over i formannskapet; ikkje løyve, løyve med 18-årsaldersgrense og løyve med 16-årsaldersgrense.
Ingrid Løset sitt framlegg om å ikkje gi løyve fekk berre hennar eiga stemme, medan fem røysta imot.
Løyve med 16-årsaldersgrense fekk Lars Kristian Øvrebust og Vigdis Hove Øie sine to stemmer.
Løyve med 18-årsaldersgrense fekk fleirtal med dei tre stemmene frå Stig Falling, Jonas Falch (Frp) og Asgeir Hovde (Ap). Vigdis Hove Øie, Lars Kristian Øvrebust og Ingrid Løset røysta imot dette framlegget.
Kommunestyret
I kommunestyremøtet seinare på kvelden argumenterte Lars Kristian Øvrebust på nytt for at 16-åringane skal kunne kome inn på dansen, og minte om at dette primært er eit dansearrangement, og kom på nytt med framlegg om å gje skjenkeløyve med 16-årsaldergrense for å sleppe inn på arrangementet.
Stig Falling sa at det i Stordalshallen under eit slikt arrangement er umogleg å kontrollere at ungdom under 18 år ikkje får tak i alkohol, og frykta at ein kan kome i ein situasjon der ein får ein kjedeleg rapport frå skjenkekontrollen, og dermed må vurdere kor vidt ein kan gje skjenkeløyve i det heile tatt seinare. Det er dette han vil unngå, sa han og bad samstundes om gruppemøte før avrøysting.
Vigdis Hove Øie støtta på nytt Lars Kristian Øvrebust sitt framlegg.
Per Ivar Skodjereite (Sp) sa at for han er dette ei prinsippsak. Han finn det heilt feil at eit idrettslag skal skjenke alkohol i eit arrangement i ein idrettshall. Ingrid Løset la på nytt fram forslag om ikkje å gje skjenkeløyve.
Etter gruppemøtet var det avstemming, og det vart røysta over dei tre framlegga. Framlegget om å avslå søknaden fekk tre røyster: Ingrid Løset, Per Ivar Skodjereite og Arna Øvrebust, alle Sp. Framlegget om å gje løyve med 18-årsaldergrense fekk tre røyster: Stig Falling, Asgeir Hovde (Ap) og Jonas Falch.
Fleirtalet på ni representantar røysta for å gje skjenkeløyve med 16-årsaldersgrense for å sleppe inn på arrangementet.
Også i kommunestyret gjekk ordførar Charles Tøsse frå som inhabil i denne saka, Else Vinje gjekk inn i staden for han.
|
|
|