Syng på siste verset

Elevtalet ved Tafjord skule er nede på sju neste skuleår. Året etter vert det berre fem elevar. Driftsutvalet gjekk samrøystes inn for å leggje fram til høyring ei krinsregulering der Tafjord skule vert slått saman med Valldal skule.

01. november 2006
Randi Flø

Elevtalet ved skulen i Tafjord har gått ned siste åra. Det same gjeld talet på ungar i barnehagen. Her er nokre av skuleelevane og ungane i barnehagen samla rundt bordet saman med tilsette ved skulen og i barnehagen.

Ei oppstilling i sakspapira viser at elevalet vil halde seg på mellom fem og sju dei komande åra. I barnehagen ser det ut som det vert berre tre ungar dei komande to åra.
Leiar i driftsutvalet, Oddmund Ødegård, sa at å ta bort ein skule frå ei bygd er det same som å ta bort noko vesentleg. Men poenget er likevel å ta stilling til om det er grunnlag for å halde fram som skule med så få elevar.
Jon Kåre Løvoll sakna meining frå foreldre og innbyggjarar i Tafjord i sakspapira. Til det sa Helge Svensvik frå administrasjonen at det først er tenkt ei høyring, så vil det endelege vedtaket verte gjort i kommunestyret etter at folk har fått uttale seg.
Nina Grøndahl meinte at det er ingen veg utanom når ein ser på det låge elevtalet. Så mykje pengar trudde ho ikkje kommunen vil spare på det. Ho ville gjerne reklamere for den prosessen som var då Fjørå skule vart lagt ned og elevane flytta over til Valldal skule. Her var det gjensidige besøk av elevar siste skuleåret i Fjørå, og det var møte med foreldre.
Svensvik kommenterte at den økonomiske sida ikkje er vektlagt i saksbehandlinga, kommunen har råd til å drive Tafjord skule.

Roleg prosess
Hallvar Tafjord var oppteken av å få til ein roleg prosess for å gjere det mindre smertefullt for bygda. Men han meinte at miljøet blir for fattig for dei elevane som blir att. Om det ikkje skjer noko nytt i bygda med tanke på arbeidsplassar, må ein rekne med at det er denne vegen det går. Dei fleste har nok resignert.
Samstundes synest han det er på tide å begynne å sjå på kva bygget kan brukast til. Skredsenter har vore på mange sine lepper i samband med debatten om skulenedlegging.

Nettobudsjett
I sakspapira blir det vist til at Tajord skule for 2007 har eit netto budsjett på 1,93 millionar kroner. Det meste av dette må kunne takast ut som ein reduksjon i grunnskulen ved at noverande Tafjord krins får Valldal skule som nærskule. Pengane bør setjast av på fond og nyttast til positiv utvikling av Norddalssamfunnet.

Nærmiljøsenter
I eit notat vurderer rektor ved skulen, Turid Aspehjell, forholda slik dei er. Ho konkluderer med at det kan verte ei stor utfordring å gi tilfredsstillande undervisning med så få elevar på kvart steg. Det vert eit problem at dei større elevane får repetert det same alt for mange gonger og dei mindre må vere med på undervisning dei ikkje er modne for.
Aspehjell peikar på at Tafjord er ei eiga bygd, med eit stort og viktig område rundt og med sine eigne historier. Det har gjennom åra vore samla dokumentasjon på mykje av det som har skjedd i bygda. Dei har samlingar av lokal litteratur, foto, stadnamn og kart som vert nytta i undervisninga. For å byggje identitet er skulen i eige nærområde viktig. Nærområdet vert mykje brukt i undervisninga, i friminutt og SFO. Skulen her er meir enn ein skule. Han er langt på veg eit nærmiljøsenter. Med bibliotek og kjøken midt i bygget har det utvikla seg til ein samlingsstad som har stor verdi.