Sosialt nettverk

– Vi koplar oss opp mot eit nettverk og spelar anten med kvarandre her eller folk andre stader i landet.

08. november 2006
Randi Flø

Kenneth Søvik brukar ikkje for mykje tid framfor datamaskina, seier han.

I helga var det SessenLAN i lokala til Stordal ungdomsklubb. Det var ikkje mange sjelene der då Storfjordnytt stakk innom laurdag midt på dag.
Men dei tre som sat der, Kenneth Søvik, Stein Are Sæter og Nils Robert Leganger, kunne fortelje at det var fullt frå fredag kveld og utover heile natta.
Akkurat no var det mange som hadde teke seg ei pause, heimatt for å sove litt og ta seg ein dusj. Sjølve hadde dei sove litt på sofaer i klubblokalet.
Då dataparty var nytt, var det om å gjere å halde seg vaken heile tida. No er ikkje det så om å gjere, seier dei.

Nettverk
Dei forklarer at alle er kopla opp i eit nettverk mot kvarandre. Dei mest populære spela er CS, det vil seie Counter Strike og Warcraft 3.
– Er det mykje skyting, då?
– Nei, det er strategispel, det handlar om å klare å byggje seg opp ein hær for så å kunne angripe. Her må du bruke hovudet, forklarer dei.
Dei seier at det er kjekkast å vere her for å spele mot kvarandre. På den måten er det meir sosialt. Å surfe på nettet gjer dei ikkje så mykje på LAN, for det er slikt dei gjer dagleg heime.
Dei kan også spele via internett og forklarer at dei koplar seg opp mot ein server på nettet, der det står kor mange som er innpå. Så er det berre å finne seg nokon å spele med.

Utvikling
Dette er gutar som er unge, men som likevel har vore med på den enorme utviklinga innan data. Dei har opplevd stadig betre maskiner og meir avanserte spel.
– Men vi må kunne anna enn data, seier dei.
To av dei reknar med at utdanninga går mot eit eller anna innan data, medan Kenneth ser på snikkaryrket som interessant.
Dei forsikrar at dei har tid til mykje anna enn å sitje framfor datamaskina og meiner at dei sjølve vel kor mykje dei vil halde på. Det tek ikkje overhand.
Men LAN er kjekt.
– Det er sosialt, kjekkare enn å sitje heime, seier dei.
Den mykje omtalte Blink-sida er dei ikkje så ofte inne på og har ikkje sans for at somme legg ut private bilde.
– Eigentleg skal det vere ei side for diskusjon, men det har kome heilt i bakgrunnen, seier Stein Are.

Jenter
SessenLAN var heilt fritt for jenter, berre gutar kom med datamaskina si.
Då Storfjordnytt var innom, kom det også to jenter, berre for å sjå korleis det stod til.
Terese Ødegård og Marte Busengdal meiner det blir rett og slett for kjedeleg å sitje framfor ei datamaskin i timevis. Dei er meir opptekne av å bruke helga til å vere saman med venner.