Nytt fredagstilbod for dei unge

Ung fredag er eit nystarta tiltak, som hadde si første samling av ungdom frå Norddal sist fredag.

08. november 2006
Randi Flø

Sondre Hjelle Farstad var nøgd med aktivitetane på samfunnshuset i Valldal.

Dei fleste var der denne kvelden på samfunnshuset, ungdom frå åttande klasse og oppover til 18 år. Det er eit samarbeid mellom ungdomsrådet, soknerådet, friviljuge lag og organisasjonar og God Helse Norddal.
Leiar i ungdomsrådet, Pernille Indreeide Dale, seier at dei har planar om å arrangere dette annankvar fredag. Ho synest det er svært positivt. Frå andre sida av fjorden kom det berre to stykke fredag, det synest ho er litt dumt. Pernille reknar med at det vil kome fleire frå sørsida etter kvart. Det er sett opp båtskyss over fjorden, så det skulle i alle fall ikkje vere noka hindring. Ho lova i alle fall å drive reklame for tiltaket.
Pernille fortel at det var tilsette i kommunen sin idé, men ungdomsrådet har vore med og bestemt både at det skal vere og kome med framlegg til aktivitetar.

På alle plan
Og det mangla ikkje på noko å ta seg til på samfunnshuset denne kvelden. I bomberommet i kjellaren hadde dei kosta og rydda og fått til ein fin stad for å halde rockeverkstad.
Her fann vi Peter Andreas Berli, Andreas Torvik og Matias Heggen i full gang med å spele.
– Men vi treng vokalistar, seier dei.
Etter kvart ordna det seg med det også, fleire av jentene prøvde seg på karaoke.
I underetasjen var det bordtennis, noko som såg ut til å vere mest populært mellom gutane.
Vidare oppover i etasjane var det andre aktivitetar. Ein stad finn vi nokre jenter som står tette inn til ein flatskjerm.
– Vi må høyre, forklarer dei.
Det viser seg at dei spelar Buzz, ein spørjekonkurranse som har med musikk å gjere. Jentene slår med ein gong fast at dette er kjekt. Dei forsikrar at dei kjem til å vere med på desse kevldane så sant dei har høve til det.
Det er endå fleire etasjar i samfunnshuset. Øvst oppe er det eit rom der det står nokre og bevegar seg framfor ein stor skjerm. Ein av dei er Sondre Hjelle Farstad. Han forklarer at det heiter Eyetoy. Eit kamera er fest ved skjermen og det handlar om å kunne bevege seg i samspel med det som er på skjermen. Sondre synest det er overraskande mange bra spel her.
Ved sida av han er det endå meir rørsle. Også her står ein storskjerm, men på golvet ligg det matter, dansematter. Her er det om å gjere å vere rask til fots og stige på den rette ruta i matta.

Fotballturnering
Snart startar fotballturneringa inne i gymsalen. Laga blir sette opp og skal spele mot kvarandre. Det er meininga å ha ei eller anna turnering kvar gong, men ikkje berre fotball.
Pernille seier at det ikkje er alle som vil vere med på slikt. Dei vil ikkje bli sveitte på ein fredagskveld.