|
På 54-årsdagen sin måndag kunne han vere med på prøvetur i den nye søppelbilen til Norddal kommune.
Markering
Johan Overå velta med den gamle søppelbilen 12. juni. Han vart så skadd at han no sit i rullestol.
Kollegaene ved teknisk
etat hadde dekka langbord i maskinhallen og serverte marsipankake, både i høve fødselsdagen og den nye bossbilen. Det
vanka både godord og gåver til Johan.
Etter kake og markering var det tid for å ta ein prøvetur i den nye bilen. Saman med Per Ove Ødegaard fekk Johan ein liten rundtur i Valldal. Med gode hjelpemiddel vart han heist opp i bilen.
Permisjon
Johan Overå var heime på permisjon frå St. Olavs Hospital i Trondheim, der han har vore sidan ulykka i sommar. Han reiste tilbake dit i går etter å ha vore heime i vel ei veke.
Kona Ingunn har vore hos han heile tida. På sjukehuset i Trondheim får han mykje trening. Evna til å bruke hendene har gått litt fram og tilbake. Før kunne han kleie seg på nasa med høgre handa, men no kan han ikkje det. Johan håper dette kjem tilbake etter kvart som han får trene seg opp. Venstrehanda kan han røre litt på.
Trening
Han fortel om treninga på St. Olavs Hospital. Her får han mange timar med trening kvar dag. Det er viktig både for hendene og føtene for å halde muskulaturen mjuk.
Alt er trening, endåtil eting, seier han.
Johan fortel at det finst mange hjelpemiddel. Dessutan er han oppteken av at det er så mykje som kan utviklast, det er berre fantasien som set grenser. Han viser til ein idé om ei tannbørste. Ho kan vere fast montert på veggen. Når du køyrer bort til den i rullestol og opnar munnen, tek ho til å pusse tennene.
Han fortel om eit flott miljø på avdelinga på St.Olavs Hospital.
Vi er som ein familie og løyser dei fleste verdsproblem. Vi køyrer att og fram i gangane og heiar på det laget Rosenborg skal spele mot, seier han og legg til at det er for å erte alle Rosenborg-tilhengarane som jobbar der.
Heime i Valldal har det ikkje vorte så mykje trening, berre tre timar med fysioterapi på ei veke er for lite. Han har hatt tilgang på heimesjukepleie.
Heim til jul
Ja, det blir vel på veslejulaftan, seier Johan og ler når han får spørsmål om kva tid han kjem heime neste gong.
Han er sikker på at han skal heim til jul. No skal dei setje i gang med å byggje om litt på huset, først og fremst soverommet og badet, for å gjere det lettare framkomeleg med rullestol.
Det er om å gjere å få det ferdig inne, ute får vi ta etterpå, seier han.
Galgenhumor
Dei artige kommentarane har Johan tydelegvis ikkje gløymt i dei månadene han har vore borte. Dei sat laust også på måndag under markeringa på Grandane.
Du har klart å halde humøret oppe?
Ja, det er einaste måten å overleve på, seier han.
|
|
|