|
Tradisjonen tru skipa Eidsdal musikkorps til julemesse ein søndag i november. Sludd og regn, farsdag, cupfinale og skiskyting på Beitostølen såg ikkje ut til å halde bygdefolket heime. Gymsalen på skulen var fyld opp med fleire generasjonar kring kaffiborda.
Unge musikantar
Gevinstborda var fulle, listene låg og venta med tomme liner og tombolalappane skulle snart hamne i spente nevar. Men før folk fekk prøve lukka, heldt korpset ein liten konsert og viste fram dei nye aspirantane.
Torveig Klamdal ynskte velkommen og gav tonen vidare til dirigent Jan Helge Andreassen som tok brassbandet gjennom fire nummer. I det siste nummeret fekk dei yngste som hadde samla seg på golvet framfor korpset, utdelt frukt frå ei korg. Det var ikkje hovudvinsten, men rytmeinstrument. Korpset avslutta denne avdelinga med «Chilentina» med god hjelp av den unge rytmeseksjonen.
Sju aspirantar
Dei sju nye aspirantane, berre jenter, vart ropte opp så publikum fekk sjå.
Vi har eit generasjonsskifte i korpset. Vi har nokre kjempegamle som dreg alderen opp og nivået frykteleg ned, sa dirigenten og la til at han aldri før har dirigert eit korps med så unge spelarar.
Som takk for innsatsen på farsdagen fekk han ein blomebukett.
Imponerande salsbord
Før publikum fekk gå laus på salsborda, skapte korpset julestemning med to kjende julesongar. På borda venta julebakst og nissar, lys og drops, klesplagg, dukar og andre tekstilar som brodert, sydd, strikka, tova og hekla. Kostar som var dekorerte med svarte kattar i raude og grøne skjerf, fekk fort potar å gå på. Sjuande far i hornet på veggen, fann seg nytt hus å halde oppsyn med.
Torill Karin Kleiva fortel at dei har arrangert julemesse i om lag 15 år.
Vi ville finne på noko anna enn tombola for å få inntekter til korpset.
Det er ikkje gjort på ein to tre å lage mange av produkta som er til sals. God kvalitet er det òg.
Som regel lagar vi ting og gjev det gratis til julemessa, men i somme tilfelle kan ein få
dekt noko av materialkostnadene, seier Synnøve Hollum Relling.
|
|