|
Samfunnshuset var fylt med publikum, scena var bygd på både framme og bak. Lyd og lys var innleigd og Valldal skulekorps skulle gi innhald til alt dette. Hatt, solbriller og slips var på plass på dei fleste, ei perfekt ramme på det som skulle skje. Ingen tvil om at forventingane var store.
Innfridde med stil
Ein avslappa og uhøgtideleg konfransier ved Lasse Omenås introduserte låtar på løpande band. Dirigent Anders Jørgen Gjerde hadde kontroll på komp og orkester og alle dei unge og litt eldre musikarane heldt takta og tonen. Trilltroppen med små og store kom inn med flotte kostymar og steg og gav augo noko som øyra var fulle av, svingande blueslåtar arrangert for stort orkester.
Folk kosa seg i salen og på scena. Alle solistane gjorde sin del av jobben på ein skikkeleg og stilfull måte og nesten alle var heilt lokale. Dette var eit stilig og godt gjennomført arrangement som mange hadde vore med på å få til. Og til slutt før ekstranummeret då alle var framme på scena, var det mange rørte, takksame og stolte stemmer å høyre. Støtteapparat og hjelparar fekk stor takk. Ein time etter at folk hadde forlate salen var alt rydda vekk, tilbake på plass og i bilar.
Fleire bilete frå konserten
|
|