Stort utval på julemesse

Stordal helselag heldt julemesse på Grendasalen sist søndag.

22. november 2006
Alfred Nilsen

På standen til Blomster kunst og dekor hjelper Aleksander Stavseng til med sal av dekorasjonar og anna julerelart dekor.

Vi treff ein medlem i helselaget i Stordal som sit ved inngangen med loddbøkene. Ei nisselue skulle passe bra på ei julemesse og merksemd får ho, i tillegg til at folk er flinke å skrive i bøkene.
– Dei som har stand, gir ein gevinst kvar og dei loddar vi ut på desse bøkene, seier Ingrid Røren.
Alle kjem ikkje på ein gong ein søndag i november når dørene opnar klokka eitt, men det sig jamnt på og det er mykje fint å sjå og som ein kan kjøpe som julegåve. Mat og kaffi får ein kjøpt. Svelene har Karn Sæther steikt og det har ho gjort i mange år.
– Eg er veldig interessert i arbeidet som helselaget gjer, så det å kome hit og hjelpe til er ei stor glede. I helselaget har eg vore medlem så lenge eg kan hugse, seier ho.

Godt innarbeidd
Det er ikkje vanskeleg å få folk til å fylle opp standane, seier Bjørg Jacobsen som fungerer som leiar i helselaget denne søndagen. Ho er med for første gong på julemessa og synest det er eit kjekt arbeid.
– Vi snakkar med dei som var her i fjor og så er det enkelte som ringer og vil vere med. Dette året er det 14 som har stand og det er folk frå Valldal, Fjørå, Sjøholt, Stordal og Vestnes, seier ho.
Grendasalen er fylt opp av fargar og former, små og store ting. Handverk, husflid, blomster og mat. Holt Gardsmat er her med saft, syltetøy og sjølvsagt lefser. Harding og snika-lefse som folk vil ha med seg heim.

Frå Vestnes
Eli Sundt frå Tomrefjord i Vestnes er her for fyrste gong saman med ven og kollega Åse Ekroll.
– Eg strikkar så mykje at eg må tøme huset for å få plass til meir, smiler ho og legg til at strikkinga var ein terapi som er gått over til ein besettelse. I tillegg til å vere ein stad der folk handlar er ei slik messe også ein stad der kollegaer møtest. Det vert utveksla erfaringar og nokre har med blad eller tidskrift dei vil vise fram, og så er det sjølvsagt sosialt.