På bordet hadde politikarane ein avtale om kjøp som Erik Berg har godkjent. No står det berre att at avtalen skal verte godkjend av formannskapet og kommunestyret.
I utkastet til kjøpsavtale, der hotellet har fått namnet Valldal Fjordhotell, står det at tomta er på om lag 8.500 kvadratmeter og at tomteprisen er på ei krone.
Plikter
Under punkt om særlege vilkår står det ein del plikter som ligg til Norddal kommune. Kommunen skal rive eksisterande kommunalt bygg på eigedommen. Samstundes skal kommunen opparbeide og asfaltere parkeringsplass med beplanting på hotelltomta i samsvar med plan i tillegg til å opparbeide tilkomst til parkeringsplass. Samstundes skal kommunen kunne nytte parkeringsplassen til offentleg parkering som ikkje skal brukast til å dekke Valldal Fjordhotell sitt eige behov. Ei anna plikt for kommunen er å føre fram stikkleidning for vatn og avløp til fem meter frå grunnmur.
Fjordhotellet skal eige og drifte opparbeidd parekringsplass og legge til rette for offentleg bruk. I tillegg er det hotellet si plikt å stå for beplanting elles av det parkmessige området kring hotellet og å opparbeide tilkomstareal rundt hotellet.
Byggefrist
Det er sett to års byggefrist rekna frå den datoen skøytet er tinglyst. Innan byggefristen går ut, må byggearbeid, det vil seie oppføring av hotell, i samsvar med bygningsrådet si godkjenning vere sett i gang.
Valldal Fjordhotell har ikkje høve til å avhende eigedommen til andre enn Norddal kommune så lenge han er ubebygd.
Ei krone
Eg er framleis ikkje komfortabel med å selje ei tomt til ei krone, sa Merete Løvoll Rønneberg (Sp) under debatten i formannskapet. Ho viste til at det er Erik Berg som har køyrt løpet fullt ut og at det ikkje står i avtalen kvifor tomta skal vere så billeg. Ho skulle gjerne ha sett ei skisse over korleis dei har tenkt seg det skal sjå ut og få vite litt meir om kor mange arbeidsplassar dei kan vente seg.
No har vi med ein profesjonell og dyktig kar å gjere. Som politikarar må vi sikre oss og tenkje i verste fall. Vi har eit ansvar. Vi gir frå oss ei heil tomt, og då meiner eg vi må ha betre grunnlag, sa ho og kom med framlegg om å utsetje saka for å få betre dokumentert kva som er grunnlaget for avtalen.
Ho meinte at det i avtalen ikkje går fram kor mange parkeringsplassar kommunen skal disponere, i praksis kan det bety ingen. Ho trekte også fram at området tek til å bli attraktivt for mange, men forstod at forhandlingane med Berg no er komne så langt at det ikkje er så mykje å gjere med det.
Interessert
Også Signe Brenna frå Norddalslista trekte fram at vernestatus og verdsarvområde gjer at det er mange som tek til å vende si interesse mot indre fjordstrok. Ho minte om at det i alle fall vil gå eitt år før det er realistisk å få lov til å byggje.
Eg synest det er pinleg å vere politikar i Norddal dersom vi skal gi bort ei opparbeidd tomt utan å vite kvifor. Vi må i det minste vite kva vi får att. Det er ikkje dokumentert at ingen andre er interesserte i tomta, sa Brenna.
Ho kom med eit framlegg til vedtak om at reguleringsarbeidet vert fullført og plan og vedtekter legg rammer for hotellprosjektet. I tillegg meinte ho at tomta skal leggast ut for offentleg sal med klare føresetnader om at planen skal gjennomførast.
Dette er viktig med omsyn til andre næringsdrivande i kommunen, sa Brenna.
Arne Sandnes meinte at andre interesserte har hatt godt høve til å kome med sine tilbod.
Faktum er at Norddal kommune i mange år har jobba for å skaffe ein investor til å byggje hotell i Valldal. Ingen av dei fire-fem vi har vore i kontakt med, har sagt at dei vil det. Spørsmålet er kor vidt vi skulle ha hatt meir dokumentasjon frå Berg, sa Sandnes og la til at det ikkje er vits i å gi bort noko utan å vite kva ein får att.
Økonomi
Merete Løvoll Rønneberg minte om at i forhold til økonomien er det mykje som er knytt opp til Murigrandane. Det må vere avgjerande at det blir fleire arbeidsplassar. Når ein knyter opp mykje midlar, er ein også avhengig av å lykkast. Derfor må det gjerast eit godt grunnlagsarbeid.
Også Oddfrid Tafjord (KrF) var skeptisk til om dei hadde sikra seg nok.
Kva skjer den dagen Erik Berg ser at han får ein gevinst ved å selje? I verste fall får vi ein rik kakse som brukar det til feriestad for heile familien? Kva garanti har vi for pengane kommunen legg ned? spurde ho.
Plansjef Øystein Klempe sa at ein har konsesjonslova som regulerer at omgjering frå hotell til feriebustad ikkje kan skje utan vidare.
Signe Brenna følgde opp Tafjord sitt poeng og sa at kommunen støtta parkerinsgplassen ved ICA, der Erik Berg investerte. Han selde og tok ut gevinsten, noko ho meinte er heilt normalt for investorar.
Vi må behandle investoren på ein tillitsfull måte. Men vi må samstundes vere sikre på at det kjem eit hotell med betydeleg mange arbeidsplassar på den tomta vi gir bort, sa ordførar Arne Sandnes og kom med framlegg til vedtak. Der heiter det mellom anna at dei ønskjer ein del presiseringar.
Merete Løvoll Rønneberg kom også inn på at kulturhus har vore nemnt i samband med tomta på Grandane og meinte at dei også burde ha det i tankane slik at det kan vere plass til det. Ho sa at ho gjerne hadde sett at debatten i formannskapet dreia seg meir om dei verkeleg ville gi vekk ei tomt til ei krone.
Paul Fredriksen (Ap) sa seg nøgd med avtalen slik han låg på bordet og sa at dei har fått det dei har bede om.
Oddfrid Tafjord var samd i det siste, men syntest samstundes at dei var svært så rause mot dei rike.
Signe Brenna sa at oppgåva deira som politikarar er å forvalte det kommunale.
Om private gir bort ei tomt til ei krone utan at dei veit kva ho skal brukast til, er greitt. Men her gir vi bort for å få noko igjen og då må vi vite kva vi gir til, sa Signe Brenna og la til at folk har spurt henne kva slag useriøse politikarar vi har.
Risiko
Arne Sandnes ville ikkje sjå bort ifrå at den som satsar i reiselivsnæringa her tek ein betydeleg risiko.
Vi må vere litt sjenerøse og velvillige, eg har vurdert dette som solid. Vi må ikkje vere smålege, men heller leggje noko i skåla. Samstundes må vi ta alle mulige forbehold, sa han.
Merete Løvoll Rønneberg sa at investoren må no vel ha ei skisse i bakhovudet og ha sett føre seg korleis dette blir, til dømes med tanke på arbeidsplassar.
Signe Brenna peika på at det står berre hotell i avtalen, det kan også vere eit appartementshotell, der leilegheitene blir selde.
Samrøystes
Formannskapet var til slutt samrøystes i å utsetje godkjenning av avtalen. Dei vil først ha ulike avklaringar.
|