Bønder som turistvertar

– Målsetjinga er å skape nye arbeidsplassar, sa Jon Geirmund Lied på eit møte i Eidsdal i førre veke. Han er sekretær for eit prosjekt som bondelaget i Norddal og Eidsdal har sett i gang.

6. desember 2006
Randi Flø

Petter Melchior (t.v) var møteleiar medan Aud Folkestad fortalde om Stranda vidaregåande skule si rolle.

Målet er å få til eit kursopplegg for bønder og grunneigarar som vil satse på geoturisme.
Lied sa at noko av bakgrunnen er at det blir sagt at det blir ein auke i turisme i området. Dei som er interesserte eller har ein idé om reiselivssatsing, kan gjennom eit slikt opplegg få utvikle ideen.
­– Vi veit det er behov for opplevingsaktivitetar, sa Lied.
Opplegget er tenkt som eit samarbeid med Stranda vidaregåande skule, landbruksavdelinga i fylket og Innovasjon Norge.
– Det skal ligge godt til rette her for å få til næringsutvikling dersom noko har dei gode ideane, sa han.

Midlar
Ottar Longva frå landbruksavdelinga i fylket orienterte forsamlinga om ulike midlar som er tenkte til hjelp for folk som vil etablere nye verksemder i tilknyting til reiseliv. Det er Innovasjon Norge som har hand om mesteparten av den potten som kjem til Møre og Romsdal.
Han sa at i nokre år har det vore ei nokså restriktiv haldning til å gi støtte til reiselivsretta tiltak. No er det opna mykje meir for å gi støtte også til slik næring med unntak av rein overnatting.
I BU-strategien heiter det at Møre og Romsdal er og skal vere eit landbruksfylke. Det tradisjonelle landbruket kjem til å verte noko mindre, nye næringar skal kompensere for det fråfallet.

Rolle
Rektor ved Stranda vidaregåande skule, Aud Folkestad, sa at skulen si rolle i dette opplegget vil vere å leite opp dei kapasitetane i miljøet som kan bidra med sin fagkompetanse.
Det skal byggast opp ein undervisningspakke for landbruk og geoturisme. Folkestad sa at det er viktig å utvikle ein kurspakke slik at andre kan bruke det seinare.
Kvelden i Eidsdal vart avslutta med at dei frammøtte sette seg i grupper. Her skulle dei kome med ønskje og behov for kompetanseheving på området som gjeld landbruk og geoturisme. Det vart sett opp ulike stikkord som verdsarvstatus, småskalaproduksjon og opplevingar, språk- og kulturkunnskap.