Ungdommeleg trøkk

– Kjempekjekt. Bra musikk. Slik karakteriserte nokre jenter stemninga i Stordalshallen laurdag kveld.

6. desember 2006
Randi Flø

Peter Rønning som vokalist og Daniel Kalvø som gitarist i gruppa Thank You Frankie.

Hallen var avdelt. Rundt småborda sat folk, og framfor scena stod det endå meir folk, mest jenter.
Det var bandet «Thank You Frankie», som stod på scena. Med Peter Rønning som vokalist serverte dei fleire låtar til stor glede for publikum.
Det var diskotek og fleire innslag frå scena. Her stilte unge musikarar frå fleire bygder, Mari og Maria frå Valldal, Mari Holand Tøsse med gruppa Mellifluous og Badetis.

Ungdomsklubben
Det var ungdomsklubben Sessen som stod som arrangørar for kvelden i samarbeid med God Helse-koordinator Bjørg Moltu.
Dei hadde alliert seg med ei rekkje vakter til dette rusfrie arrangementet.
Bjørg fortel at det ikkje var noko problem å få tak i vakter trass i både julebord og tur til Bjorli for skigruppa og alpingruppa.
Då Storfjordnytt var innom, var det selt nærare 130 billettar, noko dei sa seg nøgd med.

– Tilfreds
Bjørg var tilfreds med både frammøte og med innsatsen som var lagt ned. Dei som kan med lyd og lys stilte velvillig opp.
Både ungdommane som arrangerer og andre som
stiller opp, synest Bjørg fortener skryt.
– Eg håper vi klarer å skape ein arena og eit tilbod til ungdom, der aktørane frå høve til å vise seg fram og at det blir ein møtestad mellom ungdom får fleire bygder, sa Bjørg Moltu.
Ho viste til at dei må vere restriktive sidan dette er eit rusfritt arrangement.
– Tenk om vi klarer å skape eit slikt miljø og slike haldningar der det går an å møtast utan alkohol, sa ho.

Kjem gjerne att
– Dette var kjempegøy, vi kjem gjerne att, seier to av medlemmene i gruppa Thank You Frankie.
Det er gitarist Daniel Kalvø frå Stordal og vokalist Peter Rønning frå Ålesund. Peter rekk å fortelje at musikarane i gruppa kjende kvarandre frå før, men det var sist torsdag dei møttest for å spele saman som gruppe, nettopp for å kunne vere med på Stordalstrøkk. Han må haste vidare for han skal tilbake til Ålesund og vere trubadur på ein kafé.
Daniel derimot har litt betre tid og vil få med seg resten av kvelden. Han går på musikklinja på Fagerlia. Han både syng og spelar gitar. Eigentleg studerer han klassisk gitar, der han legg vekt på rennesansemusikk.
– Og kva er det? Kan du nemne ein komponist?
– Min favoritt er John Dowland, seier Daniel og legg til at han komponerte på 1500-talet og at det er flott musikk.
Kva planar han har vidare er framleis litt usikkert, noko rockegitarist trur han neppe han blir.
– Det er ikkje så mange rockeband som vil ha ein klassisk gitarist, ler han og legg til at vi skal ikkje sjå bort frå at han og Peter kan utgjere ein duo på sikt.
– Målet er absolutt å kunne leve av musikk, seier Daniel