Positive til sal av hotelltomt

Mot røysta til Per Arne Løvoll gjekk formannskapet måndag inn for å signere avtalen mellom Norddal kommune og Berg Jacobsen-gruppen, der hotelltomta på Grandane blir seld for ei krone.

13. desember 2006
Randi Flø

Formannskapet vil selje hotelltomta på Grandane til Berg Jacobsen-gruppen. Arkivfoto: Alfred Nilsen

Formannskapet utsette å ta stilling til avtalen om tomtesal på førre møte, fordi dei ynskte svar på fleire spørsmål kring hotelldrifta. Til møtet måndag hadde Erik Berg skrive eit brev der det mellom anna står:
“Hotellet tenkes oppført så snart alle offentlige pålegg, herunder godkjenning i forhold til rassikring, er gjennomført. Videre er det vår plan at hotellet fra dag en vil inneholde minimum 60 rom. Det er videre en intensjon at hotellet deretter bygges ut i takt med etterspørselen, noe som vil innebære bygging i minst to etasjer.
Antall arbeidsplasser vil etter våre beregninger ligge på fra 20 til 40 avhengig av sesong og belegg. Med tanke på et eventuelt fremtidig kulturhus vil vi stille oss positive til dette i et samarbeide med kommunen, det bør derfor allerede nå taes med i beregningene for arealdisponeringen.
Til slutt vil vi presisere at dersom hotellet mot formodning ikke skulle bli bygd, så bortfaller selvfølgelig avtalen om kjøp.”

– Svar på det meste
Merete Løvoll Rønneberg (Sp) som stilte dei fleste spørsmåla og som fekk formannskapet til å utsetje saka i november, sa at ho hadde fått svar på storparten, men påpeikte at svara står i eit brev.
– Eg forventa at informasjonen skulle innarbeidast i avtalen. Kva slags funksjon har dette brevet? Er det bindande eller berre ei saksopplysning? Eg veit at Muritunet er nær å få til ein avtale med Erik Berg, men nær er ikkje det same som i boks. Enn om noko skulle skjere seg, spurde ho.
Ho sa vidare at det er fleirtal for å selje tomta til ei krone, og at det difor ikkje var noko poeng å diskutere det. Ho er likevel usikker på om kommunen har dekning i lovverket for å gjere det.
– ESA-retningslinene for statsstøtte forbyr sal til underpris. Eg greier ikkje å forstå at vi har lagt fram ein avtale som kan halde mål etter lova. Vi er forplikta som politikarar å tenkje “i verste tilfelle”, sjølv når vi har med Erik Berg å gjere. Eg skulle gjerne ha sett at dei tinga som er grunnlag for avtalen, som trongen til heilårsarbeidsplassar, kjem inn i avtalen som grunnlag for å velje å selje tomta til ei krone.

– Juridisk vurdert
Svein Linge frå Aksjonslista sa at det ikkje er vanskeleg å finne problem.
– Eg trudde det var godt nok å få ein advokat til å vurdere ESA-avtalen. Eg har iallfall ikkje juridisk bakgrunn til å blande meg inn i det. Eg kjem til å følgje innstillinga, og reknar med ein interessant debatt i kommunestyret. Alternativet for oss, å ikkje ta denne sjansen, er så mørk og så negativ for kommunen at eg ville ikkje våge å vere med på det. Eg vel å vere optimist. Eg vel å ikkje grave meg ned, sa han.
– Eg blir litt provosert når Svein Linge snakkar om å grave seg ned. Eg kallar det å stille spørsmål for å kvalitetssikre arbeidet vårt, repliserte Merete Løvoll Rønneberg.

– Unik sjanse
Ordførar Arne Sandnes sa at han var samd i å vere ytterst forsiktig og grundig når ein går inn i ein avtale om så store ting.
– Som Svein Linge ser eg på dette som ein unik sjanse til å få til noko vi har jobba for i snart 15 år. Det blir ikkje utstedt skøyte på tomta før ein avtale med Muritunet er klar. Vi er sikra der. Viss juristane skulle finne ut at ESA har grunn til å underkjenne avtalen, gjeld han verken for Erik Berg eller oss. Det er ingen risiko. Når det gjeld brevet frå Erik Berg, står det at det er eit “addendum”, det vil seie eit tillegg til avtalen, sa han og gjorde framlegg om å vise til brevet som ein del av avtalen i punkt 4 i innstillinga.
Merete Løvoll Rønneberg tok ordet og sa at ho då ynskte eit punkt til som seier at hotellet skal vere ope på heilårsbasis.
– Eg er fullstendig klar over at det ligg i avtalen med Muritunet, men eg ville ha hatt det skriftleg. Heilårsarbeidsplassar er det som kan gje oss busetnad. Sesongarbeidsplassar kan like godt gå til folk frå andre kantar av landet eller andre nasjonar, sa ho.
Svein Linge kommenterte at han var overraska.
– Vi kan ikkje vedta framtida. Heilårsarbeidsplassar ligg der som eit utgangspunkt og det er eit ynske om heilårsdrift, men det kan ein ikkje vedta.
Paul Fredriksen (Ap) signaliserte at han ville gå for innstillinga med tilleggsframlegget til ordføraren.

Imot innstillinga
Per Arne Løvoll (KrF) som var kalla inn som varamedlem for Signe Brenna, sa at han ikkje ville vere med på innstilllinga.
– Den store debatten kjem til å kome i kommunestyret. Det er positivt at nokon vil byggje hotell, men spørsmålet er kva Norddal kommune skal bruke pengar på når ein veit at det i neste omgang kan vere andre deler av kommunen som må blø. Viss 20 nye arbeidsplassar er det same som at det forsvinn 20 arbeidsplassar frå ein annan stad i kommunen, er ikkje det bra. Og viss vi brukar så mykje pengar på dette at vi må skjere ned på tenestetilbodet, er vi like langt. Vi må få til begge deler. Når vi gjev vekk det mest attraktive området i kommunen til ein rik investor, så har vi eit ansvar. Vi har verksemder i same område som må flytte og bruke millionar for å kome i gang ein annan stad.
Han viste òg til at kommunen har eigedommar og vegar som forfell, som ein ikkje har råd til å bruke pengar på.
– Eg har ikkje noko anna framlegg enn å gå imot innstillinga, sa Per Arne Løvoll, og lova at han kjem til å vere kvassare i kommunestyret.

– Seriøs investor
Ordføraren tok opp att framlegget til eit punkt 4 og sa at det er Muritunet som skal sikre oss heilårsarbeidsplassar.
– Eg skal ikkje presse dette lenger, men vi har med ein seriøs investor å gjere som tek på seg ein monaleg risiko. Andre investorar har uttalt at å byggje hotell i Valldal er uaktuelt. Dette er ein unik situasjon som vi skal gle oss over, avslutta Arne Sandnes.