|
Endeleg breiband
|
|
|
 |
Torsdag 30. november 2006 blei ein historisk dag for Liabygda skule. |
|
|
|

13. desember 2006
Randi Flø
|
|
Arkivfoto frå datarommet på Liabygda skule.
|
|
|
Etter årelang venting fekk skulen breiband, melder Stranda kommune på sine heimesider.
Det såg lenge dårleg ut med breibandsutbygginga i Liabygda. Men etter iherdig jobbing frå mellom andre Øystein Lied Lunde bestemte Tafjord Mimer seg tidlegare i år for å bygge ut breiband i bygda. Tidleg no i november var utbygginga ferdig.
IKT-konsulent Gunnar Fivelstad i Stranda kommune har hovudansvar for it-løysingane til skulane og barnehagane i Stranda kommune. Saman med teknikarar frå Umoe IKT kopla han skulen til datanettet til Stranda kommune. Etter fleire dagars jobbing med tilkoplingane kunne dei konstatere at skulen kunne kutte ISDN-linjene mot internett.
Med breibandstilknytinga
har endeleg lærarar og elevar akseptabel hastigheit på internett. I tillegg når dei tilsette på skulen dei kommunale it-systema på ein mykje betre måte enn før.
Liabygda skule har hatt fokus på bruk av IKT i undervisninga i lang tid, og rektor Pål-Bjørn Øvrebust er no svært glad for at dei endeleg kan utnytte dei nye moglegheitene breiband gir i undervisninga. |
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|