Etter kampen fekk Magne ei drakt av arrangøren med namnet sitt og nummeret 45 på. 45 står for alderen til Magne og samstundes aldersgrensa på 45 år som gjer at Magne no må ”pensjonere” seg frå internasjonale oppdrag som FIFA-dommar. Ein kan halde fram ut det året ein fyller 45, men då er det jamnt slutt.
Magne fortel at aldergrensa tidlegare var 50 år, men at den vart sett ned for åtte-ti år sidan. Dei fleste land har nasjonal aldersgrense på 50 år for dommarar i den øvste divisjonen, deriblant også Norge. I Italia hadde dei 45 år, men sette den opp til 47 år då den kjende dommaren Pierluigi Collina vart 45.
Eg skal halde fram som Tippeliga-dommar i alle fall i eit år til. Eg tek eit år om gongen, og diskuterer dette med familien kvart år. Motivasjonen og lysta til å dømme er like stor, men det er klart det er ein hobby som tek mykje tid. Likevel har eg ikkje dårleg samvit, eg føler eg har vore flink til å prioritere familien, ungane og det å vere med på deira aktivitetar når eg er heime. Med dømming kun i Norge kjem det heller ikkje til å gå med så mykje tid som før. Men det er klart at spesielt tidlegare då ungane var mindre, var det godt å ha såpass stor slekt i tillegg til kona Lisbeth, dei fortener ein stor takk, seier han.
Vemodig
Dei norske FIFA-dommarane, 7 dommarar og 10 assistent-dommarar, har kvart år ein avslutningstur for sesongen. I år gjekk turen til København, og der heldt eg ein takk for meg-tale. Det var litt vemodig, samhaldet mellom oss som er med i denne vesle eksklusive gruppa er kjempebra. Men eg trøsta meg med at eg treff mange av dei at i den heimlege Tippeligaen, FIFA-dommarane dømmer om lag tre gongar så mange kampar der som internasjonalt.
Han tok til å dømme nærast ved eit tilfelle.
Ein gong på 80-talet var Stordal på Fjørtofta for å spele mot Fjørtoft, då det viste seg at dommaren ikkje hadde nådd ferja ut til øya. Eg var reservekeeper på Stordal då, og det var kanskje grunnen til at eg vart spurt om å dømme. Kvifor eg sa ja, veit eg ikkje, men det gjekk godt, Fjørtoft-spelarane kom bort til meg etter kampen og skrytte av meg sjølv om Stordal vann 2-1. Det var nok då gnisten til å dømme vart tend. Og dette er eit litt viktig poeng som eg også har prøvd å seie til andre. Ei lita oppmuntring til ein ung dommar kan vere nok til at han held fram som dommar. Det hjelper på sjølvtilliten og gjev ein kjensla av at ein meistrar oppgåva. Det vert dessverre litt slik at ein let dommaren få høyre det viss ein ikkje er nøgd med innsatsen, men at ein er litt meir måtehalden med skryt og oppmuntring.
Scora på utspel
Denne første kampen han dømde vart også kommentert i VG. Men det var ikkje på grunn av dømminga. Det bles ganske hardt ute på Fjørtofta denne dagen, og dei to måla til Stordal vart skora av Stordal sin keeper, Jan Ivar Haraldsvik, på utspel. Begge gongene landa ballen om lag på 16-meteren, medan Fjørtoft sin keeper var på veg ut for å ta den, og så spratt ballen over han og i mål.
Det vart vidare litt dømming heime i Stordal før han i 1987, 26 år gammal, gjekk på dommarkurs. Han dømde då først litt lokalt rundt om i dei næraste bygdene på yngre lag, etter kvart fekk han sjansen i 6.- og 7. divisjon og høgare, og frå 1989-sesongen i 3. divisjon. Samstundes spelte han også sjølv på Stordal, men då Stordal på byrjinga av 90-tallet rykte opp i 3. divisjon måtte han gjere eit val.
Og då vart det til at eg valde dømminga. Eg dømde då etterkvart 4 kampar i 1. divisjon (no Adecco-ligaen), før dommarane vart skilde i dommarar og assistendommarar. Før dette var det slik at ein bytta på å vere dommar og det som til då heitte linjemann. Eg vart spurd om eg ville gå inn i tippeliga-gruppa som assistentdommar i 1997, og sa ja til det, noko eg ikkje har angra på sidan. Det har etter kvart vorte om lag 170 kampar som assistentdommar i Tippeligaen, oppsummerer han.
FIFA
I 2001 vart han utteken til FIFA-dommar, dette var same året som han også vart teken ut til å gå på linja i cupfinalen. I byrjinga var det nokre U17-, U19- og Intertoto-kampar, men allereie andre sesongen fekk han dømme ein kamp i Champions League. Då var dei faktisk heile tre dommartrioar frå Norge ute i Europa samstundes. Det var Rune Pedersen som var dommar, og kampen var Boavista mot Borussia Dortmund.
Kampen gjekk i Portugal, og dette er nok det eg tenkjer tilbake på som det største eg har opplevd som assistentdommar. Eg har kampen på video, og av og til tek eg den fram og kikar på den. Tre veker etter den kampen var eg med og dømde Valencia mot Legia Warzawa i UEFA-cupen, då med Tom Henning Øvrebø som dommar. Dette var året etter at Valenzia tapte finalen i Champions League, men dei hadde vorte berre nummer fem i den heimlege ligaen, så dei måtte ta til takke med UEFA-cup det året. Før kampen kom John Carew og helste på, men han spelte dessverre ikkje den kampen, hugsar Magne.
Høgdepunkta
Det vart med den eine Champions League-kampen, men seinare har det mellom anna vorte landskampar og VM-kvalifiseringskampar, som mellom Luxenbourg og Russland. Skal han trekkje fram det han tykkjer er høgdepunkta er det som sagt Champions League-kampen mellom Boavista og Borussia Dortmund, kampen mellom Valencia og Legia Warzawa og sjølvsagt kampen mellom Tottenham og Slavia Praha på White Hart Lane.
Den kampen var eg med og dømde no i oktober, og for oss nordmenn er det nok noko spesielt med engelske kampar. Det å gå ut på ein engelsk stadion med 36- 37.000 syngande og ropande tilskodarar er slik at ein nesten får gåsehud nedetter ryggen. Men når kampen først er i gang, vert ein så fokusert på oppgåva si at ein ikkje let seg distrahere av alle menneska bak ryggen sin. I denne kampen trudde alle at Tottenham gjekk opp til 2-0 då ballen hamna i mål etter 85 minutt, men eg heldt opp flagget, fortel Magne.
Då fekk han høyre det frå nokre tusen bak seg, men folk oppfører seg stort sett ganske bra, synest han.
Eg hugsar frå ein TV-sendt Tippeligakamp der eg trur det var Arne Scheie og Drillo som kommenterte. Frå min posisjon på linja såg eg tydeleg at ein av spelarane i ein duell heldt i trøya til den andre spelaren. Dette var ikkje synleg for TV-kameraet eller dei som kommenterte. Den andre spelaren svarte med å også halde i trøya, godt synleg for alle, samtidig som eg markerte med flagget, men eg peikte den motsette vegen av det folk flest trudde. Dette tolka kommentatorane som feildømming, men då det vart vist i reprise frå ein annan vinkel såg også dei at det var rett dømd, og skrytte av avgjerda. Akkurat den episoden er det mange som har kommentert. Eg har heldigvis unngått episoder med mediaoppslag eller telefonoppringingar grunna omdiskuterte situasjonar, seier han.
Samling
Magne har ei stor samling med minne frå oppdraga sine ute i verda, drakter og vimplar og andre effektar han som dommar har fått tildelt som minne frå dei ulike kampane.
Ein får no også DVD med opptak frå kampane. Dette får vi også i Tippeligaen, då først og fremst for evaluering av kampen og eigen innsats. Men det er ikkje alltid vi får ein kvar, så det skjer at vi må sende til kvarandre.
Ei kort oppsummering fortel at Magne har fått med seg om lag 40 internasjonale kampar, viss ein held La Manga Cup utanfor. Han fortel at han har eit kart der han har prøvd å halde oppdatert med nåler der han har vore og dømd, og at dette fortel at han har dømd frå Island i vest, Portugal og Hellas i sør og Armenia og St. Petersburg (med Panser-Hagen) i aust i til saman totalt 22 ulike land.
I internasjonale kampar er det eit tre dagars opplegg der vi kjem til staden dagen før kampen. Arrangøren får ein pott med pengar frå UEFA til å dekkje kostnadene for oss dommarar, og det er ikkje noko å seie på korkje hotellkvaliteten eller standarden på dei restaurantane der vi et. Kvelden før kampen er vi ute og et middag saman med vertskapet. På kampdagen har vi så kampmøte klokka ti der vi som dommargruppe saman med delegatar frå UEFA, ein av dei kampobservatør, og representantar frå begge lag samt representantar frå arrangøren gjeng gjennom punkt på eit fast skjema. Vi vert mellom anna presenterte for kvarandre, ser på og vurderer om draktene er greie og ikkje må endrast noko på, sikkerheitstiltak og liknande. Det er veldig på stell. Etter dette tek vi gjerne ein sightseeing ein times tid eller to i byen vi er i, og vitjar eventuelt spesielle stader som til dømes Akropolis i Athen. Etter dette reiser vi tilbake til hotellet der vi i dommargruppa tek ein liten gjennomgang før vi slappar av og laddar opp til kampen. Så er det gjerne politieskorte ut til stadion for å sikre at ein ikkje vert stående fast i kø eller hamnar i nokon konfliktsituasjon.
Politieskorte
Eg hugsar ein kamp i Polen der kampen vart flytta frå Warzawa til ein naboby. Då hadde vi politieskorte med sirener og blålys heile vegen, i 1 time og 15 minutt kvar veg. Og dette gjekk gjennom to ulike politidistrikt, så midt mellom byane stod nye politibilar klar og kom køyrande opp på sida og tok over eskorta vidare.
Grunnen til at han likar å dømme fotball trur han er spenninga og det å møte og overvinne den utfordringa kvar kamp er. Den aktive familiefaren er i tillegg til sin eigen aktive innsats som dommar med og trenar lag i aldersbestemt fotball og også er med i alpinmiljøet i Stordal. Dottera Martine har tidlegare vore aktiv innan alpint, ho gjeng no første året på idrettslinja på Stranda og spelar fotball, medan sonen Jørgen på 12 år og dottera Andrea på 9 år begge er aktive alpinistar i tillegg til at dei spelar fotball.
|
|
|