| I døra blir eg møtt av ein Border Collie og ein katt, venlege begge to og i det eg sparkar av med skoa kan eg høyre Norge har tatt fatt på oppgåva med å slå Frankrike i handball. På kjøkkenbenken bognar det av nybakte aniskringler og eg blir ønskt velkomen av folket som sit inne i stova.
Olaug Kjersti
Olaug Kjersti Tafjord har budd på garden i heile sitt liv, sitt vaksne liv saman med Arne, to døtrer og ein son. Garden heiter Sylfest etter Sylfest Knutson Maraak som kom frå Geiranger for ei god stund sidan. Og historia tek dei vare på der i garden, slik dei gjer det på dei fleste gardar med ei viss betydning. Olaug Tafjord har sett tidene skifte og folk kome og gå.
Det var enklare då det var ferje som frakta folket, ikkje like enkelt vart det å ha oversikt over folket då vegen kom, seier ho.
Vi miste også kontakten ein fekk då ferja var einaste kommunikasjonsmiddel, legg ho til. Der kunne ein slå av ein prat og hadde tid til det. Mykje bra har kome på vegen inn til Tafjord og mykje bra har drege den same vegen.
Før frysaren
Men no er det jul snart og juleførebuingane er i gang. Olaug Kjersti startar med lefse og flatbrød og avsluttar julebaksten med grovbrødet. Mykje av det som er i mellom står på bordet saman med kaffien. Når ho tenkjer tilbake, så starta dei med slakting og grønsalting av noko kjøt, spekekjøt og ribbe blei varsamt tatt hand om og til slutt var det hermetisering av kjøt. Det kjøtet vart bruna og hatt på norgesglas og kokt der før loket blei sett på. Slik var det før frysaren si tid. Mykje var annleis før frysaren. Det var born på kvar ein gard, folk gjekk husimellom utan spesielt ærend. Dei kom saman unge og gamle og laga julegåver, dette kalla dei oppesåte. Samankomst med handarbeid og deling av erfaring. Med frysar og TV har folk det dei treng, og Frankrike halar innpå. Aniskringlene smakar fortreffeleg og med godtsmør og brunost feirer vi sigeren.
Annleggstida
Med den store annleggsverksemda det har vore i Tafjord, blomstra også kulturlivet med songkor og spelemannslag. Mykje kjekt folk kom og med eit aktivt ungdomslag vart det stor aktivitet på ungdomshuset. Ungdomslaget i Tafjord er det eldste i kummunen med sine 112 år. Huset vart bygd i 1918 og påbygd på 60-talet då Tafjord Kraft valde den løysinga i staden for å byggje eige velferdshus. Og ungdomshuset i Tafjord har vore mykje brukt, til kva som helst, eit retteleg fleirbrukshus med dans på laurdag og preike på søndag. I jula starta det med barnejuletrefest, så var det ungdomslaget sin fest med program og foredrag og så vart det dans. Nyttårsaftan var det alltid ope hus utover natta etter at rakettane var sende til vers. Miljøet rundt ungdomshuset i Tafjord har opp gjennom tida vore eit viktig miljø, seier Olaug Kjersti Tafjord, både i juletida og elles.
Andre bygder
Det har alltid vore god kontakt med folket i Fjørå og Dalsbygda. I Dalsbygda har Sylfestgarden meir slekt ein dei kan finne i Tafjord. Søstra til Olaug bur på Fagrevollen og Arne har mange syskjenborn, sidan Fargar-Ivar var bestefar hans. Før i tida frakta gamle “Tafjord” folk mellom bygdene. Første juledag drog folket i Tafjord til Dalsbygda til kyrkje. Det var alltid nokre frå kvar gard som drog av garde.
Når båten kom sigande forbi Dalsvika og vi høyrde kyrkjeklokkene, då vart vi høgtidsstemde, minnest Olaug.
Arne reiser seg og går i fjøset. Han er 86 år og trivst med å stelle i fjøset i sitt eige tempo. No er det berre sau dei har på garden, det er kun dette dyret vi finn i fjøsane i Tafjord no for tida.
No er det meste av juleførebuingane unnagjort og det står berre att å rydde og vaske huset før julekvelden kjem.
Men jul blir det ikkje før vi brasar ribba i smia, kjem det samstemt frå folket i Sylfestgarden.
|
|
|