Det er 11. gongen denne cupen, som også fungerer som ein sosial møteplass både for fastbuande og utflytta som er heime på juleferie, vert arrangert.
Nytt av året var at yngre fotballspelarar også skulle få anledning til å konkurrere, det var derfor lagt opp til ei turnering for dei i aldersgruppa frå og med 5. til og med 8. klasse. Grendelaga var slått saman slik at ein hadde fire lag som spelte med fem utespelarar i tillegg til målmann. Det vart mellom desse ikkje noko finalespel.
Nytt av året var også ei bordtennisturnering i to klasser: opp til 16 år og 16 år og eldre. I dei ordinære turneringane fotball, volleyball, skyting og taudraging er det åtte lag som konkurrerer; Hovslia, Dyrkorn, Vinje, Øvrebust, Nejaføringane, Vinjehjellane, Dalane og Liabygda.
Langrennsgruppa i SIL stod for kiosksal, og det var mange som nytta denne dagen til å delta i ein eller fleire aktivitetar, eller berre å vere til stades og sjå på, eller treffe kjende og slå av ein prat.
Dagleg leiar for Stordalshallen, Hallgeir Hove, roser dei mange som var med og organiserte dei ulike aktivitetane og var med i sekreteriatet o.l. for framifrå innsats.
Det var også loddbøker i sving denne dagen, og vinnarar av tre gåvekort frå Comet Sport à kr. 1000 vart Per Kjell Holtleite, Bulent Øcalan og Astrid Gjerde. Eit sett med bygdebøker gjekk til Martin S. Holtleite. Ane I. Øien, Rune Støversten, Regine J. Dyrkorn, Jarle Helgesen og Veronika Pedersen vann kvar si jubileums-T-skjorte. |
|
|