Breiband til folket

Breiband, bustader og bibliotek står på ynske-lista til ungdom som kanskje kjem heim.

3. januar 2007
Sissel Tiril Rem

Frank Iversen fortalde om Tafjord på romjulstreffet på Kulå.

Om det var lovnaden om eit spanande treff, gratis pizza eller eit årsabonnement på Storfjordnytt som gjorde utslaget, er ikkje godt å seie. Uansett samla 50 ungdommar i alle aldrar seg til romjulstreff på Kulå for å høyre kva kommunen har å by på.
Næringssjef Toralv Klokkehaug var glad for at så mange hadde møtt opp.
– Årsaka til at eg ville arbeide i kommunen er at det skjer så mykje spanande her. Det er ein vilje til å satse på mange ulike område, sa han, som sjølv bur på Sjøholt.

Kva kan eg gjere?
Ordføraren opna med å seie at det er naudsynt å kome seg ut i verda.
– Eg håper likevel at de på eit tidspunkt vurderer Norddal kommune eller indre Storfjord som ein stad å busetje seg. Indre strok er noko for seg sjølv. Vi har fått verdsarvstatus, og er sette til å forvalte denne arven. Vi sit på ein gullklump.
Han drog fram føremoner som nærleiken til ein stor by med flyplass, hamn, tippeligalag og eit av dei beste kjøpesentra i landet. Han peika òg på kvalitetar som tryggleik, lite kriminalitet og det at folk kjenner kvarandre.
– Somme ynskjer å kome til dekka bord. Andre vil dekkje bordet sjølve. Som president John F. Kennedy sa i Berlin: «Spør ikkje kva landet ditt kan gjere for deg, spør kva du kan gjere for landet», kan de spørje «Kva kan eg gjere for Norddal?» Her er mykje bra, men det kan bli betre. Vi har eit hamskifte frå landbruk som har vore drive i generasjonar, til tenesteproduksjon innanfor helse og reiseliv, sa han og nemnde nakuhel, geoturisme og verdsarv i same slengen.
– Arbeidet med Galerie Tafjord og klosteret held fram, hotellet kjem og på sørsida hamner og djupvasskai. Eit par nye prosjekt blir lansert på nyåret, men det kan eg ikkje seie noko om enno. Innovasjon Norge ser på Norddal som svært interessant.
Arne Sandnes viste òg til at folketalet etter siste måling har gått opp med ni personar.
­– Vi er ei av få sunnmørskommunar med auke i folketalet. Eg har tru på framtida, sa ordføraren og oppmoda ungdommen til å spørje og kritisere etter kvart.

The Happy End
Ungdommen bad ikkje om ordet i første omgang, så det gjekk vidare til bygdelaga som fekk høve til å presentere seg. Petter Melchior frå The Happy End presenterte seg slik:
– Eg er geitebonde i 200 prosent, lærar i 70–80 prosent, driv med bygdeutvikling 30 prosent og er med i lag og organisasjonar 120 prosent. Dette er nokså likt for alle i Norddal kommune. Skal ein bu her og overleve, må ein bidra sjølv. Det er ei utfordring i ei tid då det er lettvint å skaffe seg god inntekt og sleppe å gjere noko meir.
Han viste bilete av aktivitetar i bygda Norddal gjennom året. Alt frå måneskinnsturen i januar til kjeslepp, fjellturar, haustmarknad og oppskóke.

Heim til Fjørå
Karianne Vikene bur i Fjørå, men var først og fremst beden om å fortelje kvifor ho flytta heim etter å ha budd i Oslo.
­­– Eg hadde det urbant og fint i Oslo, men vart lokka til å søkje ei ny stilling på Muritunet som idrettspedagog. Det er interessant å vere med på å byggje opp noko nytt.
Ho sa vidare at ho ikkje var sikker på om det var rett å flytte heim att.
– Eg hadde ikkje trudd at eg skulle flytte heim utan mann og barn. Det var ein kjempeprosess å ta avgjerda. Eg saknar kafear og det å lettare kunne reise til utlandet. Men eit par ting lokka likevel, som hornmusikken. Ein bør ikkje vere redd for å keie seg om ein ynskjer å bidra i lokalsamfunnet.
– Fjørå er ei flott bygd og der har eg hus å bu i. Det var ikkje naturleg for meg å bu i Valldal, og ikkje er det mykje ledig heller. Å byggje sjølv er ikkje det første ein tenkjer på når ein er singel, sa ho og la flirande til at Muritunet dessverre berre tilset sambuarar.
Silje Tafjord tok ordet og sa at bustadmangelen er eit innspel som kommunen må ta alvorleg.
– Alle hus er opptekne, så folk kan bli stoppa av mangel på ein plass å bu, sa ho.

Hotell og vegar
Egil Berge representerte Eidsdal næringsutvikling og sa at dei har drive med ein ting siste året: å få setje i land turistar i kommunen, men det tek lang tid å endre vanane til turoperatørane.
Han lyste òg ut ei stilling medan han hadde ordet.
– Kafeen i Eidsdal er til sals. Det er ikkje dårleg økonomi i kafeen, men det er ein heildøgnsarbeidsplass. Det finst òg planar om å byggje på for å romme ein busslast.
Han sa at det er vanskeleg å drive gard når ingen er viljuge til å betale for maten.
– Skal kulturlandskapet haldast intakt, må vi ha intakte gardar. Som så mange gonger før er det først når skaden er skjedd, at ein høyrer noko.
Egil Berge snakka òg om dei positive røynslene med å byggje kraftverk trass i manglande kommunal støtte.
– Vi gav oss ikkje og bygde ut sjølve. No har vi det største privatåtte kraftverket i landet. Det produserer nok straum til 1300 husstandar. Det gjev ei sikker inntekt til grunneigarane, eit par arbeidsplassar, direkte og indirekte skattar til kommunen.
Han var òg innom Handverkshuset og hyttefelt på Eide. Han etterlyste betre vegar, seinare avgangar med ferja og gode idear innanfor turisme.
– Eg var nyleg på Madeira og dei har satsa på to ting: hotell og vegar. Det må til her òg, sa Egil Berge.

Trivsel
– Dokke høre vel kor e kommer fra, sa Knut Slinning, leiar i valldalen.no.
– Eg har hatt hytte her i 20 år og er blitt glad i dalen og folket. Då eg fekk tilbod om å ta over ein gard med bu- og driveplikt, var det berre å melde flytting, sa ålesundaren og la til at vi kjem frå eit eventyrrike utan plager som tornadoar og kjøtetande plantar.
– Nordvestlandet er den siste grøne lunga. Alle piler peikar i vår retning. Vi må bruke ressursane på ein ny måte og tilby opplevingar.
Han peikte på at trenden har vore fråflytting. Då han kom til bygda såg han lys i sju hus om vinteren, no lyser det berre i to.
– Utkantane er alltid dei som må vente: på veg, på straum, på telefon. Det er unødvendig at dei må vente på breiband. Trivsel er like viktig som arbeidsplassar.
Han nemnde nasjonal turistveg og satsinga på Gudbrandsjuvet, sitt eige landskapshotell og framlegg til opplevingar som toppturar og skiturar både på Strynefjellet og på Trollstigen før han kom med eit «klinkande klart» ønske til slutt:
– Folk må vere viljuge til å gjere ein innsats. Den einaste måten å investere på er gjennom dugnad.

Flaggermus
Frank Iversen representerte Tafjord bygdeutval og opna med ein ganske fersk turistattraksjon.
– Vi har eit potensial i Tafjord: flaggermus. For eit par år sidan kom ein gluping på å starte Tafjord batsafari. Då eg høyrde Nitimen kåre verdas mest spesielle turistattraksjon, vann ein flaggermussafari i Texas. Dette har vi i Tafjord, he!
Han viste til andre ting som vi som bur her, ofte ikkje tenkjer over.
– For mange turistar er det ei kjempeoppleving å sjå niser frå båten. Ein annan turist som tok trappene opp lags trallebana i Jimdalen, hadde ei fantastisk oppleving med å stå på toppen, heilt stille.
Frank Iversen viste bilete av bustadannonsar på butikken, og Tafjord skule som truleg blir stengd 20. juni.
– Tenk potensialet i dette huset! Eg trur ikkje husleiga kjem til å knekkje den som har planar, sa Frank Iversen, og vart supplert av ordføraren som røpa at det alt finst planar for bruk av huset.

– Manglar ingeniørar
Etter å ha fått pizza var ungdommane klare for å ta ordet. Tre b-ar viste seg etter kvart å bli uttrykk for viktige ynske: breiband, bustader og bibliotek.
Men før vi kom så langt, tok rådmann Stig Holmstrøm ordet. For eit drygt år sidan kom han til Norddal frå Ørskog. Han sa at Norddal er langt meir spanande enn Ørskog.
– Norddal kommune er den største arbeidsgjevaren med om lag 250 tilsette i store og små stillingar. Det er ei kompetansebedrift, og vi har problem med å rekruttere folk til visse stillingar som ingeniørar, sjukepleiarar og legar, sa han og oppmoda interesserte til å registrere seg på servicetorget slik at dei blir informert om aktuelle stillingar, sa han, som bur på Vestnes.

– Ikkje berre turisme
Ordføraren minte om at næringsfondet støttar nye verksemder, og spurde: Kva kan vi stille opp med? Kva kan vi gjere på ein annan måte?
Tema som kom opp var ferjer og opningstid i barnehage på sørsida i samband med pendling, musikkskuletilbod, kulturstipend og bibliotek.
– De må ikkje berre satse på turisme, sa Unni Ytredal.
– Naturen gror att etter kvart som det blir færre bønder. Bøndene arbeider livet av seg, medan andre tek med seg jordbær, sjampis og turistar ut i naturen og tenar pengar på det. Det er vanskeleg å motivere seg til å ta over garden i tillegg til å arbeide med det ein er utdanna til.
Ordføraren viste til «Eidsdalsmøtet» i fjor og eit konkret resultat som kjem etter nyttår for bønder i verdsarvområdet.

Breiband!!!
Elida Brenna Linge etterlyste breiband.
­– Breiband til heile kommunen og bibliotek er grunnleggjande, sa ho.
– Då må de stemme på dei partia som vil ha breiband over heile landet, kommenterte ordføraren.
Inger Johanne Sveinsdotter Ruset støtta naboen på Linge.
– Viss eg skal flytte heim att, er det aktuelt å ha heimekontor. Då må eg ha breiband, sa ho.
– Eg håper at dei som byggjer hytter kan bruke hytta som arbeidsplass, slik som vi ser på Hafjell, sa ordføraren.
– Eg synest heller de skal prioritere dei som faktisk bur her, svarte Elida Brenna Linge.
Anders Relling meinte at det er mogleg å få eit breitt nok band utan fiber. Han etterlyste òg tiltak for å få betre fjernsynssignal i Norddal.
– Når ein kjem hit frå Oslo, er det som å reise attende i tid. Vi har ein kanal å sjå på: NRK1 og TV 2 på ein god dag. Parabol er ikkje løysinga alle stader på grunn av høge fjell. Kabelanlegg må til.
Unni Ytredal var framleis oppteken av andre enn turistar.
– Eg veit ikkje om eg har skjønt det, men det må då vere viktigare å få til vegar og barnehagar enn kloster. Eg veit ikkje korleis ein kvalifiserer seg til å arbeide i eit kloster? Galerie Tafjord er sikkert flott for turistane, men her må vere grunnlag for dei som ikkje driv med sånt òg.
­ – Vi har både pengar og personar som kan hjelpe folk i gang med å starte eiga bedrift, svarte ordføraren.
Etter tre intense timar med informasjon akkompagnert av bowlingkuler og -kjegler som møtte veggen, var det klart for omvisning på Fjordhagen. Kan hende vart somme inspirerte til å starte for seg sjølv, men då hadde forsamlinga krympa kraftig.

Tre på romjulstreff

Einar Eide, Anders Relling og Unni Ytredal er re potesielle heimkomarar.

Unni Ytredal (29)
– Eg har nesten flytta heim, seier Unni Ytredal.
Etter å ha budd i Nederland bur ho delvis på Stranda, medan borna bur i Norddal.
– Når eg blir ferdig, er eg utdanna dyrlege. Sambuaren min er òg dyrlege, så arbeidsutsiktene her er ikkje så gode, sidan det er dyrlege her frå før. Eg har spesialisert meg på smådyr og kunne eventuelt starte ein smådyrklinikk, men eg veit ikkje om det er marknad for det. Då må ein i tilfelle endre bondementaliteten med å kakke katten i hovudet, seier ho og flirer.
Odelsjenta har lyst til å flytte heim att, men at det er vanskeleg å pendle når ferjene ikkje korresponderer og barnehagen stengjer tidleg. Ho etterlyser òg betre vegar og breiband.
– Breiband har dei snakka om lenge. Vi ser knapt fjernsyn. Det er NRK1 pluss snøstorm, seier ho.

Anders Relling (30)
bur i Oslo og arbeider i Kripos. Han har ikkje vurderet å flytte heim, men var nysgjerrig på å høyre om kva som skjer i kommunen.
– Om eg flytta heim, kunne eg nok ha arbeidd på lensmannskontoret på Stranda, men det er ikkje aktuelt no.
– Kva med å starte eiga verksemd?
– Nei, eg sit på ein gard som ikkje er i drift med både hus og mark. Det blir ei utfordring på sikt å halde garden ved like.
– Mange bønder satsar på hyttefelt. Til slutt er det ingen natur å vise fram, seier odelsguten frå Norddal.

Einar Eide (29)
er siviløkonom og arbeider i Statistisk sentralbyrå på Kongsvinger.
– Det er ikkje mange relevante stillingar for meg her.
– Kunne du tenkje deg å starte for deg sjølv?
– Nei, eg har ikkje tenkt på det.
– Kva med næringshagen?
– Det er ikkje så interessant, seier han og legg til at han ikkje veit om han har lyst til å kome heim att.
Han kjem frå gard, men er ikkje odelsgut.
– Skal eg ta over garden, må eg kombinere gardsarbeidet med noko anna. Det blir vanskeleg utan å arbeide døgnet rundt, året rundt, seier eidsdalingen.