Fokus på Olav den heilage

– Det er interesse for å ta opp Heilag-Olav i full breidde som eit viktig element i presentasjonen av Norddal kommune.

Karl A. Døving og Astor Furseth er opptekne av å vise meir fram historiene om Olav den heilage.


10. januar 2007
Randi Flø
Karl A. Døving og Astor Furseth er med i ei idégruppe som skal jobbe med å få meir fokus på Olav den heilage, eller Olav Digre som han vart kalla då han levde.
Dei meiner dette har vore forsømt, at det må utnyttast meir, både i turistsamanheng og reint historisk.
Furseth viser til at det finst mange historier om Heilag-Olav frå heile landet, men dei fleste, rundt 25, kjem frå Storfjorden. Nokre er attgjevne i Snorre, andre er å finne andre stader. Han seier at Hjørundfjorden har mange historier om han, men at han aldri var der.

Stoppeffekt
– Kva er grunnen til at de vil setje meir fokus på Heilag-Olav?
– Ein av hovudgrunnane er at vi må få ei stoppeffekt. Vi ser føre oss ei skikkeleg statue, eller eit monument, ikkje nødvendigvis av han, men noko som ruvar midt på kaia på Sylte, seier Furseth.
Dei ser føre seg at dette må verte eit monument som verekleg er synleg, gjerne oppi sju meter høgt.
Dei vil også lage til ein
pilegrimsveg frå der han steig i land på Sylte og fram på Slettvikane og derifrå til Verma, på sikt.
– Han er også kjend for å vere krigersk. Er de ikkje redde for reaksjonar på å dyrke han for han sterkt?
­– Han er ein av dei få helgenar frå Norge, ein av dei som er mest kjend i Europa. Det er naturleg at vi gjer merksam på at han har vore her. Nidarosdomen er bygd på hans grav. Reisa gjennom Valldal og vidare til Sverige er eit viktig punkt i hans liv. Han vert brukt som symbol på innføring av kristendommen her i landet. Dette må vi gjere noko meir med.

Klostertanken
Dei seier at turistane spør mykje om korleis det går med klostertanken, at mange europearar er katolikkar og kjenner historia om Heilag-Olav godt.
Det er ikkje berre på Sylte det vil vere naturleg å markere Olavstradisjonen, men også på Korsbrekka, Olavskjelda, Olavsvegen og på Grønning, der han mellom anna lovde at kornet ikkje skulle fryse på åkeren, meiner dei.