Debatt om klostervedtak

– Eg meiner vi skal ha respekt for politikarane som har gjort vedtaket. Det står ingenting om å sende ein delegasjon til Hellas, sa Signe Brenna då formannskapet diskuterte kulturutveksling med Hellas.

OLAVSSTØTTA: Som ein lekk i kulturutvekslinga med Hellas arbeider ei idégruppe med å få revitalisere olavstradisjonen i Norddal.


17. januar 2007
Sissel Tiril Rem
Før jul hadde kultursjef, næringssjef, ordførar og rådmann møte med Vasiliki Gemou-Engesæth. Ho er president i det greskortodokse samfunnet her i landet, og har fungert som kontaktperson mellom kommunen og erkebiskopen i Hellas.
I formannskapet orienterte ordførar Arne Sandnes om møtet der dei kom fram til å setje ned ein komité og sende ein delegasjon til Hellas i påska sidan den gresk-ortodokse påska fell saman med vår i år. Han sa at utgifter til turen må kartleggjast, og ny sak fremjast. Så kom han med det han kalla ei tilleggsopplysning.
– Vi arbeider med å revitalisere olavstradisjonen. Det som ligg i korta, er at den tradisjonelle olsokfeiringa som er eit sportsarrangement, blir flytta ei veke fram. Olsok blir då eit meir tradisjonelt arrangement, ikkje minst med eit religiøst aspekt. Vi har ei skisse til sak der vi vil foreslå eit møte mellom biskopen av Hellas, biskopen av Møre og den katolske biskopen i Noreg. Det ligg òg i korta å ha ei pilegrimsvandring, eit arrangement i kyrkja og avduking av eit monument. Dette er ei litt anna sak, men det heng saman, sa ordføraren.

– Uferdig
I saka om eit kloster på Syltefjellet gjorde kommunestyret i oktober følgjande vedtak: «Formannskapet ser for seg ei stegvis utvikling i saka, og vil at ein i første hand startar arbeid med kulturutveksling mellom Norddal kommune og aktuelle miljø innan det geografiske området som vert dekt av den gresk-ortodokse kyrkja under leiing av erkebiskop Ieronymus og i samråd med han. Som ein oppstart på utviklinga av slikt kulturelt samarbeid vert erkebiskop Ieronymus og arkemandritt Athinagoras invitert til vitjing i Norddal kommune under Olsokfeiringa.»
Innstillinga til vedtak i formannskapet innebar å velje ein politikar til komiteen og å sende ein delegasjon til Hellas i påska. Utgifter skulle kartleggjast seinare og vedtakast i ei ny sak med framlegg til dekning.
Signe Brenna (Norddalslista) meinte at saka var lagt fram for formannskapet utan å vere ferdig utgreidd.
– Det har vore svært ulike meiningar om denne saka. Når eit kommunestyrevedtak først er gjort, burde ein ikkje gå utover det. I saka til formannskapet står det ingenting om budsjett og kostnader. Vi kan ikkje først vedta dette, og så få ei sak om kostnader etterpå.
Ho var samd i å setje ned ein komité og å invitere erkesikop Ieronimus og arkemandritt Athinagoras til under olsokfeiringa slik som kommunestyrevedtaket seier, men ville ha eit nytt punkt om at det skal liggje ved budsjett og inndekning for gjennomføring av forslag om kulturutveksling frå komiteen, og at forslaga må godtakast av kommunestyret før dei vert gjennomførte.
Rådmannen svarte at han hadde fått aksept for å setje ned gruppa, og at han hadde tillate seg å gå vidare med det som låg i vedtaket.
– Vi skal ikkje gjere noko anna enn å invitere dei, sa han.
– Eg meiner vi skal ha respekt for politikarane som har gjort vedtaket. Det står ingenting om å sende ein delegasjon til Hellas, svarte Signe Brenna.
Både Magne Almstad (Frp) og Paul Fredriksen (Ap) som tilhøyrde mindretalet då kommunestyret handsama saka i oktober, sa at dei ikkje hadde noko problem med å gå inn for innstillinga i formannskapet.
Merete Løvoll Rønneberg sa ho vart usikker.
– Må ei slik kulturutveksling starte med at nokon reiser hit eller dit? Eg er betenkt over å sende ein delegasjon utan at tal på personar, budsjett eller framlegg til inndekking ligg med.

Klarert
Ordføraren forklarte at Vasiliki Gemou-Engesæth kom med ideen om å reise i påska.
– Ho meiner det er ein fenomenal måte å teste grunnlaget for ei kulturutveksling på. Ho kjenner biskopen, og meiner dette er rette måten å starte på. Eg har skrive til biskopen, takka for sist og antyda om å følgje opp på denne måten. Eg har ikkje fått svar. Kan hende seier han at det ikkje er nokon god idé å kome til Hellas. Det står att å sjå, sa han.
Rådmannen opplyste at Vasiliki Gemou-Engesæth alt har klarert dette med biskopen, slik han forstod det.
Viktor Valdal (Aksjonslista) ser på kulturutvekslinga som eit ledd i å få til eit reiselivsprosjekt.
– Det skjer ting undervegs: nye innspel, nye møte. Der må rådmann og ordførar ha litt fullmakter for å jobbe på ein positiv måte. Ein skal følgje vedtak, men kan hende ikkje til punkt og prikke. Eg er samd med Signe for ein gongs skuld. Så omstridd som saka har vore, er det viktig å vere ryddig, sa han, og spurde om det ikkje var lurt at færre reiste og kan hende dei same som har vore der før.
Oddfrid Tafjord (KrF) som har vore i Hellas saman med ordførar og rådmann, hadde tru på at ein ny komité kunne arbeide vidare med dette.
– Vi hadde eit arbeidsmøte om korleis starte opp. Resultatet er råda til Vasiliki Gemou-Engesæth. Vi har levert frå oss noko som gjer det lettare for å starte opp.

Respekt for vedtak
Signe Brenna sa det var synd å bruke så lang tid på ei slik sak, og at ho fekk inntrykk av ho vart sett på som den som prøver å stoppe noko att.
– Heile prosjektet får ein dårleg start. Kan ein ikkje gjere dette på ein meir seriøs måte? Eg høyrer folk seie at «no skal dei til Hellas på påskeferie», sa ho.
– Eg synest vi skal ha respekt for vedtak og ikkje bruke uttrykk som «å sende folk på påskeferie». Ingen ser på ei tenestereise som ferie. Du er ein altfor flink og seriøs politikar til å bruke eit slikt uttrykk, Signe, sa Oddfrid Tafjord.
Ordføraren heldt fast på at innstillinga var innanfor rammene i kommunestyrevedtaket og at innstillinga til formannskapet var fornuftig. Han meinte at framlegget frå Signe Brenna oste av mistillit.
– Dette er ei tung sak for Norddal. Seinast i dag hadde eg ein arkitekt som var svært interessert på tråden. Vi har gjort eit skup større enn noko anna. Heilag-Olav er betre kjend i Europa enn Ibsen og andre. Dette kostar ikkje meir enn å sende fem personar på kurs til Tromsø. Eg meiner vi skal runde av. Vi må gje litt rom til dei som skal handtere slik saker, sa ordføraren.
– Eg berre registrerer at vi tolkar kommunestyrevedtaket ulikt. Eg tolkar det slik som Signe, sa Merete Løvoll Rønneberg.
– Det er viktig for meg at vi får med oss folk i Norddal på at dette er lurt. Då bør vi seinke farta. Det kan godt hende at arbeidsgruppa vil reise til påske, men då er det lurt at framlegget kjem frå gruppa. Til i dag har dette berre versert i politiske forum. Representantane frå lagslivet har ikkje vore med på noko enno. Dette heng ikkje i hop for meg. Eg håper det ikkje blir tolka som illojalitet. Eg opplever heller at eg er lojal mot det som eg oppfattar som kommunestyrevedtaket. Eg håper ingen kallar den eine eller den andre parten illojal, sa ho.

Kompromiss
Ordføraren foreslo å gå inn for eit kompromiss ved å erstatte punkt to og tre i innstillinga med eit nytt punkt to som seier at nemnda skal leggje fram forslag til konkrete oppfølgingstiltak inklusive budsjett for godkjenning av formannskapet i møte 12. februar 2007.
Dette vart samrøystes vedteke. Oddfrid Tafjord vart vald til å vere representant frå kommunen med ei røyst meir enn Arne Sandnes.

Invitasjon til organisasjonar

Etter møtet med Vasiliki Gemou-Engesæth 14. desember i fjor sende kultursjef Aud Lindis Ødegaard ut eit brev til alle lag og organisasjonar der ho ber om innspel på kulturutvekslinga.
Der fortel ho at kommunen skal setje ned ein komité som skal arbeide med kulturutveksling, og at dei arbeider med å få sendt ein delegasjon til Hellas for å feire påske der.
Kommunen ynskjer at komiteen skal ha representantar frå det friviljuge organisasjonslivet, som at idrettsrådet og song- og musikkrådet vel ein representant kvar. Barn/unge er sentrale deltakarar på den første turen, og kyrkja bør vere representert. I tillegg må det vere med ein del vaksne, skriv kultursjefen.
Komiteen er samansett av Oddfrid Tafjord, næringssjef Toralv Klokkehaug, pedagogisk konsulent Kjell Rønning, ein representant frå idrettssrådet og ein frå song- og musikkrådet.