|
Sist år heldt dei til i hallen. Dette året var Grendasalen i Stordal stor nok. Ute i gangen hang bileta til dei fem utstillarane som var med i tevlinga. Fine arbeid alt saman. Det viser at interessa for det å skape er til stades. Og kulturmønstringa skal speile det som skjer blant ungdom i kommunen.
Frå scena
Dette året var det berre musikkinnslag frå scena, fem i alt. Først ut var Maria, Daniel og Iris, kjende ungdommar frå Stordal som har gjort dette før. Daniel Kalvø var hyra inn som gitarst og Iris Tangen spelte piano til låten som Maria Holand Tøsse hadde skrive tekst og melodi til. Ein roleg ballade med tittelen “Come Back Once More”. Tydeleg eit kapittel i livet til Maria ho ikkje heilt var ferdig med.
Ja, den handlar om kjærleik, smiler ho og legg til at det er gode og dårlege erfaringar som gjev materiale til songane ho skriv.
Friends kalte Sofia Flaate Busengdal og Helga Løset Skodjereite seg. Dei framførte to songar på blokkfløyte i samspel, med akkompagnement frå CD. Unge og nye fjes på stjernehimmelen.
Åge Staurset og Knut Sivert Vikenes er “gamle travarar”. Med fint samspel med to gitarar framførte dei songen “As Always”, heimlaga materiale av Knut Sivert. Ungdommen bli eldre og utviklar seg tydeleg.
Pause
Og sjølvsagt var det lagt inn pause med kaffi, saft og kaker. Foreldra til 10. klassingane stod for matsalet, kanskje også for baksten. Folk trivdest saman og praten gjekk rundt småbord og i farta.
På programmet var det to nummer igjen. Jenny Langlo og Kristina Stavseng song fint i lag og spelte gitar til to songar som andre hadde laga. Det absolutt mest rocka nummeret var gøymt til slutt. Marius And The Outliggers entra scena med kostymar som uteliggarar og hadde eit gjennomført program der vokalist og frontfigur Claus Hoff klemte til med engelske tekstar og norsk prat mellom nummera. Dei framførte fire songar, der alle hadde tema om det harde livet som uteliggarar. I åtte veker har bandet eksistert, og spelegleda og energien var klart til stades.
|
|
|