Eigen sokneprest

Nils Beite heiter den nye soknepresten i Stordal, og han er den første Stordal sokn har kun for seg sjølv. Fram til no har Stordal hatt felles sokneprest saman med Ørskog, og tidlegare også saman med Stranda. Nils Beite var tidlegare prostiprest, og jobba då rundt i heile prostiet.

Den nye soknepresten i Stordal, Nils Beite.


31. januar 2007
John Kristian Hjelle
– Det er den nye tenesteordninga for prestar som gjer at dette no vert slik, forklarer Beite. – Det vert no slik at det er eg som har ansvaret og som i utgangspunktet kjem til å halde alle gudstenester og andre kyrkjelege oppgåver. Samtidig er det slik at sokna Norddal, Stordal, Ørskog og Skodje er definert som eit samarbeidsområde der vi skal avlaste og hjelpe kvarandre ved behov. Eg har kontor i eit felles miljø på Ørskog, der vi har ein felles stab, og der også prosten har kontor. Eg deltek også ein del i anna arbeid, mellom anna med å avlaste prosten som også har fått ny tenesteordning og som først og fremst skal ta seg av prosteoppgåvene. Føring av kyrkjeboka skal no skje her i Stordal, og det er i praksis kyrkjeverjen som fungerer som sekretær.
Beite fortel at han skal prøve å tilrettelegge for at han er i Stordal ein del på torsdagar, han held mellom anna andakt på Stordalstunet annakvar torsdag. Med kone frå Seljebotn og mange sommarmånader i hytta dei har der, kjenner han allereie ein del til Stordal.
– Eg er opptatt av å verte kjend i bygda, og håper å få bruke ein god del tid her. Eg håper folk i Stordal vil oppleve at dei har ein prest i bygda. Eg har byrja å snakke med ulike miljø av frivillige i bygda om korleis vi skal samarbeide i framtida. Det vert spennande å sjå om folk tek initiativ til kontakt. Eg er opptatt av å prøve å engasjere folk, det er no til dømes opna for at lekfolk også kan delta i enkelte kyrkjelege handlingar, kan han fortelje.
– Det er mange gode krefter i Stordal, og eg håper at ein del av desse også kan nyttast elles i året, utover julekonserten og liknande. Vi har ein liten stab, så skal det skje noko meir enn i dag er vi avhengige av at det må vere på frivillig basis. Vi er så heldige at vi har ein kyrkjeverje som er dyktig til å ta seg av det praktiske. Vi skal lage til ein barnekrok med bøker og liknande framme ved preikestolen. Dette håper vi å få til allereie til 4. februar då det er utdeling av eit spel til 4-åringane, Eit lottospel som høyrer til kyrkjeboka dei fekk utdelt tidlegare, fortel han.
18. februar skal han halde to gudstenester i Stordal, først på Dyrkorn på føremiddagen og på bedehuset på Moe på ettermiddagen. Stordal har ellers felles organist med Ørskog, difor kan det ikkje vere gudsteneste samstundes på Ørskog og i Stordal.
Beite kan fortelje at det no framover først og fremst vert arbeidd med førebuing av markeringa for 100-årsjubileet som vil ta ein god del av tid og krefter.
– Det er tydeleg at stordalingane er opptatt av kyrkja si, det er kjempemessig at ein har fått ein slik avtale som gjer at ein kan pusse opp kyrkja i den grad det no vert gjort.