Rasfaren er stor på indre strok

Like etter midnatt natt til tysdag gjekk det eit ras som stengde vegen mellom Fjørå og Tafjord. Vegen vart opna att tysdag føremiddag.

Det gjekk greitt å rydde raset i Nerhusstranda tysdag morgon.


31. januar 2007
Randi Flø
Det er ikkje første gongen det rasar på denne strekninga. Også i førre veke var det eit ras her.
Denne gongen var det fleire ras, eit større, om lag ti meter breitt og eit mindre litt lenger inne. Det er ein steil bergvegg i området, når det kjem store snømasser ned, dett dei rett ned i vegbana.
Etter at det vart lyst, tok folk frå Statens vegvesen til å rydde. Dagfinn Grøinningsæter køyrde dumper og rydda vegbana medan Gisle Berli heldt vakt i tilfelle det skulle kome meir snø.
Dei fekk melding om raset i halv-eitt tida måndag kveld. Berli fortel at dei ikkje har lov til å ta til med ryddinga så lenge det er mørkt, på grunn av at dei ikkje ser korleis foholda er, om det kan kome fleire fonner. Vegen vart stengd gjennom natta.

Rasfare
Rasfaren er uvanleg stor på indre strok no. Vegen mellom Geiranger og Eidsdal er stengd om natta på grunn av fare for ras.
Måndag kveld gjekk det eit stort ras på riksvegen mellom Hellesylt og Stranda, ved Overvoll.
For å få fram trafikken medan riksveg 60 er stengd av skred, var det sett opp ferjerute mellom Stranda og Hellesylt.
Tysdag føremiddag var sambandet Stranda - Liabygda innstilt fordi ferja der gjekk mellom Stranda og Hellesylt. Frå klokka 11.15 tok bilferja Storfjord opp den vanlege ruta si mellom Stranda og Liabygda. Suppleringsferja Kvernes i ruta Eiksund - Rjåneset vart tysdag sett inn i sambandet Stranda - Hellesylt.

Øydela vassforsyninga


Det blir pumpa vatn frå Valldøla til reinseanlegget.

Søndag morgon gjekk ei fonn ned Berdøla. Resulatet vart at rundt 100 abonnentar vart utan vatn. Ved hjelp av pumpe frå Valldøla hadde dei fleste fått att vatnet måndag morgon.

Lars Kjell Smoge ved teknisk avdeling i Norddal kommune fortel at dei pumpar vatn frå elva gjennom reinseanlegget, slik at vatnet kjem ut i det vanlege leidningsnettet.

Farleg
Han forklarer at det er inntak frå Berdøla som vart rusta opp for ikkje så lenge sidan. Det står eit bygg i enden av inntaket, og det står skeivt. Sannsynlegvis har fonna rive opp røra, slik at det ikkje kjem vatn. Det er for utrygt å setje i gang med arbeid i området no.

Pumper
Det er to bensindrivne pumper som no er sett inn for å løyse vassforsyninga. Dei som bur lengst oppe av abonnentane kan ha problem med å få vatn fordi kapasiteten til pumpene ikkje er god nok.
Håpet er å kunne skaffe ei elektrisk driven pumpe. Dei bensindrivne pumpene vert køyrde heile natta med vaktordning.
Kommunen har bedd sivilforsvaret om å få leige ei pumpe til å ha i beredskap i tilfelle maskinskade på det ustyret dei har.
Dei to institusjonane VTS og Muritunet fekk tilbod om å ta imot vatn frå tanken på brannbilen med det same skaden oppstod. Problemet er at dei ikkje har tank for å ta imot vatn.

Sjeldan
Det er relativt sjeldan denne fonna går. Karane som er litt oppi åra på Berdalen kan hugse at ho har gått berre ein eller to gonger.
Tysdag ettermiddag bad kommunen om at folk kokar vatnet inntil resultatet av alle vassprøvane ligg føre.