Licence to play

Med nesten fullsette stolrader i Stordalshallen gjekk helikopteret inn for landing utanfor, direkte overført på storskjerm inne i salen. Og til applaus kom kveldens dirigent, Lars Kaggerud, sannsynlegvis lett shaken, but not stirred, joggande inn i salen.

Fleire bilete


7. februar 2007
John Kristian Hjelle

Hornmusikklaga i Stordal og Valldal vart eit stort orkester saman med medspelarar og solistar.

Terje Aasen var konferansier då Stordal og Valldal hornmusikklag saman med band og solistar inviterte til konserten ”Agent 007, James Bond – musikken frå filmane” i Stordalshallen laurdag kveld.
Han batt saman forestillinga med bakgrunnsstoff om musikken, dei ulike skodespelarane og filmane, slik at ein fekk ein fin flyt og overgang mellom dei kronologisk framførde nummera. Klipp frå dei tilhøyrande filmane på lerretet under framføringa av musikken var ein fin effekt.
Det samansette hornmusikk-laget hadde fått med seg Grete K. Anderssen, Terese Myklebust og Beate Kaggerud som koristar, og Ivar Holsvik, Kjetil Strand og Andreas Torvik som komp. Peder Vikenes, Ingunn Drabløs, Odd Leif Tomren, Beate Kaggerud, Therese Myklebust og Elin Dyrkorn var alle solistar på ein eller fleire av låtane, og av desse var det Peder Vikenes som opna showet med ”From Russia with love” frå 1963.
Berre avbrote av ein kort kaffi- og svelepause om lag midtvegs i programmet gjekk det deretter slag i slag fram til Odd Leif Tomren hadde sunge frå seg ”The world is not enough” frå 1999.
Det var då tid for litt blomstertildeling frå dei to leiarane Magni Hauge og Anders Jørgen Gjerde, og sistnemnde kunne fortelle publikum at dei to hornmusikklaga har samarbeidd litt til og frå gjennom fleire år. Før denne konserten har dei delteke på korpscup, der dei hadde den første øvinga i august, før dei i slutten av oktober deltok på korpscupen i Molde. Der oppnådde dei ein 3. plass i 2. divisjon.
Rett over nyttår hadde dei den første fellesøvinga med musikken frå James Bond-filmane, etter det har dei hatt to øvingar i veka fram til konserten denne kvelden. Dei har veksla på annakvar øving i Valldal og Stordal. Konserten vart avslutta med to ekstranummer der Lars Kaggerud hadde valt seg ut sine favorittar, og dei vart friskt framførte og med like stort trøkk og glød som tidlegare på kvelden. Vel blåst og sunge!